Reglar
i samband med
utleige av kyrkjene i Kvinnherad
Vedteke i Kyrkjelege Fellesråd 01.10.97 og revidert 02.02.00.
1: REGLAR I SAMBAND
MED UTLEIGE AV KYRKJENE
A: Generelt
B: Praktiske føresegner 2: REGLAR OM
BETALING FOR BRUK AV KYRKJENE
3: ANDRE BETALING-SATSAR - PRISLISTE
1: REGLAR I SAMBAND MED
UTLEIGE AV KYRKJENE
A: Generelt
Brukarar av kyrkja vert med dette minna om at kyrkja er Guds hus, bygd til
ære for Han, og at alle aktivitetar som blir lagt dit ikkje på nokon
måte må bryte med denne føresetnaden
Det vil. m.a. seie at ein ikkje framfører
noko som bryt med Guds heilage ord i Skrifta, eller som kjem i motstrid med det som kyrkja lærer. Dette tyder m.a.:
- Alle aktivitetar i Kyrkja skal vere til Guds ære og kyrkjelyden sin
oppbygging. - Tilskipingar som ikkje har det ovannemnde føremål skal ikkje
framførast.
Ein skal ta omsyn til at det meste av kyrkjehus og inventar høyrer med
til Riksantikvaren
sitt ansvarsområde. Arrangør vert pålagd å utvise varsemd m.o.t.
flytting av inventar o.l.
På bakgrunn av det som er sagt under pkt 1 og 2, skal opplegg for
arrangement av ulike slag leggjast fram for organist, sokneprest og/eller
sokneråd til vurdering, både når det gjeld innhald og regi. ( Norsk lov
v/Alterbok for Den Norske Kyrkja)
- Det er organisten sitt ansvar å vurdere musikken
- Det er soknepresten sitt ansvar å vurdere tekstinnhald.
- Det er soknerådet sitt ansvar å ta stilling til arrangementet etter
råd frå desse to.
B: Praktiske føresegner
Brukarar er forplikta til å
etterlate kyrkja i same stand som ho var før arrangementet.
Dersom ein har planar om å gjera omfattande endringar
m.o.t. til inventar, skal slike planar leggjast fram for soknerådet
for godkjenning.
Det er forbode å flytta inventar ut av kyrkjehuset,
eller lagre ting under open himmel.
Arrangøren er erstatningspliktig dersom ting/gjenstander
vert skadde eller øydelagde.
Det er forbode å selje billettar og andre varer i
kyrkjeskipet. Evt. billettsal og anna sal skal foregå i våpenhuset.
Arrangøren er ansvarleg for at mengd personar inne i
kyrkja ikkje overstig det som vert tillate i brannføresegnene.
C:
REGLAR OM BETALING FOR BRUK AV KYRKJENE I
Jfr. Lov av 7. juni 1996
nr. 31 om Den Norske Kyrkja § 20 andre lekken.
Revidert og godkjent i Kvinnherad
kyrkjelege Fellesråd Dato 15.12.01
1. Reglane gjeld ved utlån av kyrkja og presten sin bruk av kyrkja til
kyrkjelege handlingar.
Betaling kan berre krevjast frå leigetakar, unnateke § 2 der det er høve
til å tainngangspengar .
Reglane omfattar ikkje utgiftsdekning. ( Sjå side 4)
§ 2. For konsert og liknande arrangement , gudsteneste og
oppbyggjeleg møte er leiga:
A: Ved utleige til utanbygds tilskipar vert det krevd ei leige som utgjer:
- 15 % av brutto innkome . ( Minimum kr. 500 ) B: Ved utleige til lokal tilskipar vert det krevd ei leige som utgjer.
- 10 % av brutto innkome
(Minimum kr. 500) C.Kor og grupper som høyrer til i
kyrkjelyden og er ein del av kyrkjelyden sitt arbeid
får bruke kyrkja utan å betale leige.
Når desse står som lokal tilskipar for konsertar med
tilreisande, profesjonelle /
kommersielle utøvarar gjeld p. B. D: Ved utleige av kyrkja til gudstenester og andre oppbyggjelege møte, og
der Leigetakar
tilhøyrer Den Norske Kyrkja skal det ikkje betalast leige.
§ 3 For kyrkjelege handlingar utanfor gudstenesta er leiga kr. 1000.
For
medlem av DNK gjeld dette likevel ikkje :
- Ved vigsel når minst ein av brudefolka eller når ein av foreldra er
busett i kommunen.
- Ved gravferd når avdøde var busett i kommunen eller på grunn av
sjukdom og/eller alderdom har budd
i ein annan kommune på slutten av livet ,- eller når
avdøde sine næraste pårørande eller den som
syter for gravferda er busett i kommunen
. ( Sjå elles p.1 : Andre betalingssatsar)
§ 4. KYRKJELEG Fellesråd har i eigne retningslinjer fastsett i kva
utstrekning dei kyrkjelege
tenestefolka som rådet har arbeidsgjevaransvar for
skal gjera teneste, og om betaling for dette.
§ 5. KYRKJELEG Fellesråd kan ved særskilde høve og grunnar gje
dispensasjon
frå betalingssatsane.
§ 6. Anna utlån.
Utlån
av kyrkja til øving, plateopptak eller liknande føretak som ikkje har som
føremål å samla
publikum vert avgjort av soknerådet, etter
delegasjon frå Fellesrådet. Betaling
for utlånet vert fastsett av Fellesrådet. For
omvising, turistbesøk eller liknande gjeld tilsvarande regel .
Festeavgift: Enkeltgrav: kr.900.- for 10 år (kr. 60 pr.
år )
Dobbelgrav kr. 1800- for 10 år (kr. 120 pr. år )
"Festegrav" kr.
1800.- for 20 år.
(Vert festa i samband med 1. gravlegging)
Gravlegging av utanbygds. Kistegraver kr. 5000.-
Urnegraver kr. 1500.-
Leige av kyrkje for utanbygds (
Bryllaup og gravferd) Leige av kyrkja: kr. 1000.- Utlegg tenestefolk: kr. 600.- pr. tilsett
(Organist og kyrkjetenar)
Utlegg for prest kan kome i tillegg etter nærare
avgjerd.
Leige av kyrkja ved andre
tilskipingar:
Andre tenester : Montering av gravminne: kr. 750.- ( + kr.
100 for ekstra planteramme)
Demontering og sending: kr. 250.- ( For innskrift
nytt navn)
Oppretting av gravminne: kr. 500.-
Gravstell: kr. 650. pr år (Administrasjon gravfond: kr. 100.-pr år
)