|
§ 1.
Kyrkjegardstilhøyring
* Avlidne personar i kommunen kan gravleggjast på den
kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ynskje, dersom dei ikkje vert
gravlagde i ein annan kommune.
* Dette gjeld og om avlidne på grunn av sjukdom eller
alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet.
§ 2. Fredingstid og festetid
* Fredingstid for oskeurner er 20 år.
* Fredingstid for kister er 30 år.
- For felta 6 - 10 på den gamle
delen av Kvinnherad kyrkjegard er fredingstida sett til 20 år.
* Festetida er 10 år.
§ 3. Feste av grav
* Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å
festa ei grav ved sida av. Grava som då er teke i bruk og den som er
festa ved sida av utgjer då ein
"gravstad".
* Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved
sida av.
* Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye
10 år.
* Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan
festet ikkje fornyast utan særleg samtykke frå kyrkjeleg Fellesråd.
* I god tid før festetida er ute skal festaren
varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden
attende til kyrkjegarden.
* Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykke
frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast ,
kan kyrkjeleg Fellesråd avgjera spørsmålet om gravlegging.
* Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse
* For felta 6 - 10 på den gamle delen av Kvinnherad
kyrkjegard eigen gravplan for gjenbruk av gravfelta.
§ 4. Grav og gravminne
* Kyrkjegardsbetjeninga vil syte for planering og
tilsåing av grava etter gravlegging.
* Gravminne kan ikkje setjast opp før enn 6 månader
etter gravlegging av kiste.
* På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant
av den grava som er teke i bruk og sentrerer det på gravstaden etter
neste gravlegging.
* Nærare opplysningar om dimensjonar o.a. for gravminne
finn ein i "Forskrifter til Lov om kyrkjegardar.
(Sjå vedlegg § 23:
Dimensjonar)
* Gravlykter kan berre nyttast når den:
A: Vert festa framme på gravminnet slik at den kan løftast av når
det er naudsynleg.
B: Vert plassert i plantefeltet framom gravminnet , og teke bort når ho
ikkje er i bruk
§ 5. Plantefelt
* Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit
plantefelt i høgd med bakken rundt.
* Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet,
men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke
lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet.
* Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn
gravminnet, eller går ut over plantefeltet.
* Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting , slik
som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. i plantefeltet. Lause
dekorting skal fjernast etter bruk.
* Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt
natursteinkant som fluktar med terrenget rundt. Det er ikkje høve til
anna innramming av plantefelt.
* Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det
vera grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 6. Plantetilfang
* Planter, kranser og liknande tilfang som vert nytta ved
gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall skal vera
heilt komposterbart.
§ 7.
Stell av grav
* Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar
har rett og plikt til å stelle den grava ein har ansvar for. Plantefelt
som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller
av kyrkjegardsbetjeninga.
* Om planting, sjå § 8
§ 8. Gravlegat
* Mot betaling av ein bestemt sum til eit gravlegat kan
kyrkjeleg Fellesråd overta ansvaret for planting og stell av
gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av kyrkjeverja som legatstyrar.
Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til
vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal ved
kvart einskild høve opprettast legatavtale.
* Gravlegatet kan ikkje opprettast slik at det varer
lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom
det oppstår slike økonomiske tilhøve i legattida av midla ikkje
rekk til, skal legatstyrar gje melding om dette til den som er
ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auka legatet slik at
det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt
når midla er brukt opp.
* Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute,
kan dei brukast av kyrkjeleg Fellesråd til å gjera kyrkjegarden
vakrare.
* Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men
legatstyraren fører eige rekneskap for kvart legat som vert revidert
årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og
revisjon av legatmidla.
§ 9. Bårerom
* Kyrkjeleg Fellesråd disponerer bårerom. Slike rom
skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda.
Ingen har tilgjenge utan etter løyve.
* Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den
som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 10. Næringsverksemd
* Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på
kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg Fellesråd.
* Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje
retter seg etter dei reglane som gjeld.
* Slik verksemd kan berre omfatte montering og
vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.
Tillegg
!!
Utdrag av forskrifter til lov om kyrkjegardar, kremasjon
og gravferd. (Gravferdslova)
Fastsett av KUF- dept. 10. januar 1997 i medhald av lov
av 7. juni 1996.
Kap. 1:
Kyrkjegard
§ 9: Adferd på kyrkjegarden
Opphald, ferdsel, arbeid og andre handlingar på
kyrkjegarden skal skje på ein sømeleg og minst mogeleg støyande måte
slik at det ikkje verkar støytande på nokon.
Dei som vitjar kyrkjegarden skal så langt som mogeleg ferdast gåande.
Hunder skal førast i band.
§ 10. Ansvar for skade
Kyrkjeleg Fellesråd er ikkje ansvarleg for
skader på graver eller gravutstyr med mindre skaden skuldast aktlause
frå kyrkjegardsbetjening
Kap. 2:
Graver
§ 12. Gravlegging
Kyrkjeleg Fellesråd fastset tidspunkt for den einskilde
gravlegging.
Grav skal opnast så nær gravlegging som mogeleg og lukkast med ein gong
etter gravlegging. Dersom kistegrav vert ståande open før gravlegging
skal opninga sikrast forsvarleg.
Grav som har vore nytta før kan berre nyttast på nytt når ein ikkje
finn anna enn grove knoklar og kisterestar etter tidlegare gravlegging.
Slike restar vert grave ned i botnen av grava før ny gravlegging.
§ 17. Feste av gravstad
Kistegraver kan festast saman som ein gravstad. Feste av
gravstad kan berre skje i samband med dødsfall. Den grava som vert teke i
bruk først i ein gravstad, er fri grav i fredingstida.
Kap. 3:
Gravminne
§ 20. Merking av grav
På fri grav som ikkje er anonym grav og på festa grav
og gravstad kan det plasserast gravminne. Med gravminne meinar ein
minnesmerke med namn og data på den gravlagde. Det skal som regel berre
plasserast eitt gravminne på kvar gravstad.
Andre minnesmerke enn gravminne kan berre plasserast på kyrkjegarden om
bispedømerådet gjev samtykje.
Festar av grav eller ansvarleg for fri grav er eigar av vedkomande
gravminne.
§ 21. Tekst
Tekst, fotografi, dekor og symbolbruk på gravminnet
skal vera sømeleg, og det namn som vert sett på skal vera identisk med
namnet på den gravlagde.
Kyrkjeleg Fellesråd kan gje løyve til at namn på person vert ført på
gravminnet på ei anna eksisterande grav ein annan stad enn der vedkomande
er gravlagt. Namnet må då fjernast frå det opphavelege gravminnet.
Eigar skal sørgje for fjerning av gravminne frå grav som ikkje er festa.
§ 22. Kvalitet
Til gravminne og fast tilhøyrsle kan berre nyttast
materialar som er haldbare og lite vedlikehaldskrevjande. Det skal tåle
dei påkjenningar som det vert utsett for av klima og ved vanleg drift og
vedlikehald av kyrkjegarden.
§ 23. Dimensjonar (Nb)
Gravminne skal ikkje vera høgare enn 150 cm, breiare
enn 85 cm og tjukkare enn 60 cm ( frå bakkant av grava til framkant av
bedd) , avgrensa slik at største høgde x største breidde x største
tjukna ikkje er over 0,2 m3 og vekta ikkje er over 300 kg.
På graver som er 2,4 x 1,2 eller mindre skal gravminnet ikkje vera
høgare enn 80 cm, breiare enn 75 cm og tjukkare enn 60 cm, slik at
største høgd x største breidde x største tjukna er over 1 m3 og vekta
ikkje er over 150 kg.
Når særskilde grunnar tilseier det kan bispedømerådet fråvike
bestemmelsene i denne paragrafen.
§ 24. Sikring
Ståande gravminne i stein skal festast til fundamenet i
stein med to 15 cm lange og 12 mm tjukke syrefaste boltar.
Fundamentet skal ha ein form og storleik som hindrar at gravminnet kan
veltast og skal i botnen ha ei anleggsflate som er dobbel så breid som
gravminnet sin tjuknad. Gravminne som er meir enn
60 cm høgt skal ha ein fundamentdjupne som utgjer minst 20 % av
gravminnet sin høgde over bakken. Fundamentet skal ikkje vera synleg
over bakken.
Når særskilde grunnar tilseier det kan kyrkjeleg Fellesråd skjerpe
eller lempe krava etter denne paragrafen
§ 25. Godkjenning av
gravminne
Kyrkjeleg Fellesråd skal godkjenne gravminnet og
fundament før det vert satt opp på kyrkjegarden. Gravminnet skal
monterast på tilvist stad.
(Tilsynsoppgåva er delegert til Kyrkjegardsarbeidaren)
§ 26. Ansvar
Eigaren er ansvarleg for at gravminnet ikkje er til
forfall, til sjenanse eller til fare for dei som ferdast på kyrkjegarden.
Når Fellesrådet finn det naudsynleg, skal eigaren verta varsla med
pålegg om å bringe gravminnet i samsvar med dei krav som er stilt i
forskrifter og vedtekter. Dersom eigaren unnlet å etterkome slike pålegg
eller det er uvisst kor eigaren oppheld seg kan Fellesrådet setja i verk
tiltak som er naudsynleg for å bringe gravminnet i orden, evt. fjerne
gravminnet.
§ 29. Om gravkiste
Kista skal vera laga av trevirke. Den skal ikkje vera
lenger enn 230 cm, breiare enn 80 cm og høgare enn 60 cm. inkl handtak og
føter. Det skal vera minst 4 føter med høgde på 5 cm.
Kap. 6:
Ulike føresegner
§ 39. Fråvik av forskriftene
Føresegnene i desse forskriftene kan ikkje fråvikast i
vedtekter for kyrkjegard, med mindre det fylgjer av den einskilde
føresegn at den kan fråvikast.
Departementet kan fråvike dei andre føresegnene i forskriftene.
Til toppen
|