Oppdatert/endra
23.11.2006



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


ORDNING MED GRAVLEGAT OG GRAVSTELL
KVINNHERAD KYRKJELEGE FELLESRÅD


I KYRKJEGARDSVEDTEKTENE for Kvinnherad heiter det i § 8

Mot betaling av ein bestemt sum til eit gravlegat kan Kyrkjeleg Fellesråd overta ansvaret for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av kyrkjeverja som legatstyrar. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgifter til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal ved kvart einskild høve opprettast legatavtale.

Gravlegatet kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn fredingstida eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske tilhøve i legattida av midla ikkje rekk til, skal legatstyrar gje melding om dette til den som er ansvarleg for gravstaden/festaren. Det er då høve til å auka legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midla er brukt opp.

Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av Kyrkjeleg Fellesråd til å gjera kyrkjegarden vakrare.

Gravlegata vert forvalta i fellesskap , men legatstyrar fører eige rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekna provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidla.


GRAVSTELL

1)
Dersom festar ønskjer at Kyrkjeverje/Fellesråd skal ha ansvar for gravstellet så kan ein setje X for dette i skjema:
Planteopplegget det då er tilbod om er:

- Påskeliljer ( Til påske/vår)
- Sommarblomar ( 1 stor og 2 små)
- Haustlyng
- Julekrans

I tillegg kjem stell og administrasjon.       Pris ( pr. 1.1.2003) kr. 650.- pr år.

2)
Dersom de ønskjer at vi skal styre gravlegatet , men de vil sjølv å gjera avtale med annan gartnar e. l. så kan de setja kryss for dette i skjema.

- Pris for adm. ( pr. 1.1.2003) kr. 100.- år

Desse prisane kan etter vedtak i Fellesråd verta justert.

Spørsmål og avtaleskjema:
Kyrkjeverja i Kvinnherad
5470 Rosendal
Tlf. 53 48 3 293

 

 

RETNINGSLINJER FOR
FASTSETJING AV TIDSPUNKT FOR GRAVLEGGING
I Kvinnherad kommune

I Forskrifter til gravferdslova: § 12. 1. ledd:
"Kyrkjeleg Fellesråd fastsetter tidspunkt for den enkelte gravlegging."

Reviderte retningslinjer: Vedteke i Kvinnherad kyrkjelege Fellesråd 19.02.03 : Sak. 03/006

1. Dag og klokkeslett for gravferder
Gravferder skal haldast tysdag , onsdag , torsdag og fredag
Tidspunktet for gravferder er kl. 1100 og kl 1300

I Ølve, Hatlestrand og i Åkra skal gravferdene normalt haldast kl. 1200
Varaldsøy skal gravferdene normalt haldast kl. 1230
I Fjelberg vert tidspunktet fastsett slik at det høver best mogeleg med ferjetidene.
For Matre i Holmedal sokn vert og tidspunkt fastsett slik at det høver best mogeleg med ferjetidene.

2. Fastsetjing av dag

Dødsfall som er innmeldt :
Torsdag og fredag: Gravferd skal vera seinast torsdag i påfølgjande veke.
Laurdag :

Gravferd skal helst vera seinast torsdag i påfølgjande veke,
men kan og leggjast til fredag (kl. 1100.)

Søndag og måndag: Gravferd bør vera seinast fredag i inneverande veke.
Tysdag og Onsdag:

Gravferd skal haldast i påfølgjande veke. Dersom dødsfallet vert innmeldt tysdag morgon kan gravferda haldast på fredag.

3. Avvik frå ordninga !

Denne ordninga skal ikkje avvikast utan tungtvegande grunnar som når næraste pårørande
( Ektefelle, søsken, barn , foreldre)

- Er på utanlandsferie og har problemer å kome attende til fastsett tidspunkt.
- Har viktige eksamenar.
- Er på sjukehusopphald eller har viktige legeavtaler.
- Må delta i andre gravferder i nærast familie.

4. Andre reglar.

Der dødsfall skjer i samband med dei store høgtidene ( Jul, Påske og Pinse) 
bør gravferda til vanleg først haldast onsdag (etter 2 påskedag og 2. pinsedag) og to dagar etter 2. juledag .

Regelen for fastsetjing av dag for gravferd kan avvikast dersom:

A: Det er mange dødsfall.
B: Juledag fell på ein vekedag som gjer at det vert ekstra mange helgedagar /fridagar og at det difor kan vera vanskeleg å få avvikle/halde gravferdene etter desse retningslinjene

Det skal elles ikkje gjevast opning for å ha gravferd på måndag og laurdag.

Dersom "tenestegjerande" prest er bortreist ein dag skal det meldast frå til gravar /(kyrkjeverje) om tidspunkt det ikkje høver for han/ho å ha gravferd . (Slik at det likevel er høve til å fastsetje gravferdsdag)

5. Evt. avvik frå reglane/ordninga må takast opp med Fellesrådet/kyrkjeverja.