Oppdatert/endra
23.07.2010

Home
Kvinnherad sokn
Ænes sokn
Uskedalen sokn
Åkra sokn
Ølve sokn
Hatlestrand sokn
Varaldsøy sokn
Gudstenesteliste
Lag og organisasjonar
Slekters gang
Nytt og gamalt
Statistikk

Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

NYTT
Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

  Kvinnherad prestegjeld   Husnes prestegjeld   Fjelberg prestegjeld
Samla folketal pr. 1.1.2007: 4990 Samla folketal pr. 1.1.2007: 5970 Samla folketal pr. 1.1.2007: 2010
 

Kvinnherad prestegjeld har 7 kyrkjer fordelt på 7 sokn.



Klikk på kartet for informasjon om kvar kyrkje i prestegjeldet

Kontor: Rosendal
Kontortid: Tysdag - fredag  0930 -1130
Eller etter avtale
Adresse:  Boks 161  5470 Rosendal
Tlf. 53 48 11 82   -   Fax: 53 48 09 77


Trykk her for...

Tilsette ved kyrkjekontora:
Stilling Namn Telefon kontor Telefon privat
Sokneprest  Sven Harald Nilsen 53 48 11 82 47 67 28 97
Kantor  Peter Couzens   53 48 42 92
Organist Reidar Algerøy   53 48 87 43/97 67 72 44
Kyrkjelydssekr. Oddbjørg Heimark 53 48 11 82 53 48 11 84
Kontorsekretær  Hildur Øvsthus 53 48 11 82 53 48 81 59

Tilsette ved kyrkjer og kyrkjegardar finn du under kvart sokn.

Har du aktuelt stoff, t.d. eit arrangement e.l., du ynskjer å få med på sidene? 
Ta kontakt med redaktør for Kvinnherad prestegjeld si webside: Jan Ove Fagerheim

Nytt og gamalt frå prestegjeldet:

 

To søkjarar til soknepreststilling
29. januar gjekk søknadsfristen ut for den nye soknepreststillinga i Uskedalen sokn og med Husnes og Holmedal sokn og Uskedalen sokn som tenestestad. Det har meldt seg to søkjarar og tilsetjinga skal skje i bispedømerådet 16. mars.

 
Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 05.02.10
 

Show-it i Kvinnherad kyrkje
Kvinnherad Kyrkja sitt sokneråd og Søndagsskulen i Omvikdalen har eit samarbeidsprosjekt i vår som heiter Show-it, som kjem til å gå over 6 laurdagar i Kvinnherad kyrkje.
Dette er ei feiring som set familien i fokus, med Bibelsk innhald og undervisning.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 03.02.10

2009:

 

Barnegospelfest med Seven!
Laurdag 12. september inviterte Kvinnherad sokneråd og Gospel Kids til Barnegospelfest i Rosendal samfunnshus. Alle born frå 2. klasse og oppover kunne få vera med og synge saman med den populære kristne jente-gruppa Seven.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 18.09.09
 

Barnegospelfest med Seven!
Laurdag 12. september skjer det i Rosendal Samfunnshus. Alle songglade born frå 2. klasse og oppover inviteres til stor Barnegospelfest. Jentegruppa Seven kjem og vert med. Her kan du m.a. lesa meir om Seven-jentene og sjå bilete av dei.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 02.07.09

2008:

 

Ordning for fastsetjing av gravferdstidspunkt
Frå 1. september vert det for prestegjelda i Kvinnherad innført ny ordning når det gjeld innmelding av dødsfall og avtale om gravferd og gravferdstidspunkt. Fram til no har det vore vanleg at pårørande og/eller gravferdsbyrå har teke kontakt med og gjort slik avtale med presten.

 
 
Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 22.08.08
 

Innviing av bårehus/driftsbygning på Ølve
Onsdag. 14. mai var det innviing av nytt bårehus og driftsbygning på Ølve. Heilt sidan kyrkjegardsutvidinga i 1997 har ein arbeidd med å få økonomisk løyving til bygningen - og hausten 2007 kunne arbeidet starta opp.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 21.05.08
 

Salmekveld i Varaldsøy kyrkje
Sundag 9. mars kl 17 inviterer Varaldsøy sokneråd til salmekveld i Varaldsøy kyrkje. Tema for salmkvelden er Elias Blix, mannen som kristna landsmålet. Organist Reidar Algerøy fortel om livssoga og salmane hans. Sjølvsagt så syng vi saman mange av dei mest kjende salmane hans. "Kor i Ølve" deltek som forsongarar og med eigen avdeling. Etterpå vert det kyrkjekaffi. Det er gratis entré.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 04.03.08.
 

Salmekveld i Ølve kyrkje
Sundag 2. mars kl 16 inviterer Ølve sokneråd til salmekveld i Ølve kyrkje. Tema for salmkvelden er; Elias Blix - mannen som kristna landsmålet -. Organist Reidar Algerøy fortel om livssoga og salmane hans. Sjølvsagt så syng vi saman  mange av dei mest kjende salmane hans. "Kor i Ølve" deltek som forsongarar og med eigne songar. Etterpå vert det kyrkjekaffi  i den nyinnreidde kroken bak i kyrkja. Det er gratis entré.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 25.02.08

2007:

 

Småbarnstreff i Uskedalen
På bedehuset i Uskedalen har vi småbarnstreff annankvar onsdag frå kl 10.30 – kl 12.00. Dette er eit tilbod for born frå 0 – 6 år i fylgje med foreldre, besteforeldre, dagmamma e.l. Tilbodet gjeld både uskedelingar og dei frå andre bygder i Kvinnherad. I haust har vi skifta dag, frå fredag til onsdag.

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 12.10.07
 

Konsert i Ølve kyrkje måndag 15. oktober.
Tradisjonen tru så får Ølve kyrkje også denne hausten vitjing av unge musikarar frå Russland. Dei held konsert i Ølve kyrkje måndag 15. oktober kl 19. Desse unge musikarane frå Russland har eit utruleg høgt musikalsk nivå, noko publikum setjer pris på. I år får vi høyra piano, fløyte og fiolin. Som vanleg vert Tina Presthus, kjend frå kvitt eller dobbelt, med. Den russiske fjernsynskanalen Kultura kjem denne gongen til å gjera fjernsynsopptak av konserten. Elles blir det som vanleg kollekt ved utgangen.

wpe1.jpg (42178 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 08.10.07
 

Kunstreisen i NRK P2 frå Kvinnherad kyrkje
11. og 15. august tok radioprogrammet "Kunstreisen" i NRK P2 turen til Rosendal og Kvinnherad kyrkje. Programleiar Nina Skurtveit seier at prosjektet deira då dei besøkte Rosendal, var å sjå korleis historia kunne lesast i den vakre kyrkja fra 1200-tallet.

Nina Skurtveit (Foto: Erling Johnsen/NRK)

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 17.08.07
 

Konsert i Ølve kyrkje sundag 19. august
Konserten førstkomande sundag i Ølve kyrkje vert kl 19. Vi får vitjing av den irske songaren Andrea Rice. I tillegg til song spelar ho ulike instrument. Ho har også med seg to musikarar. Andrea Rice er no på ein lengre turne i Sør-Noreg som vert avslutta i Ølve kyrkje. Ho har fått strålande kritikkar overalt, og konserten på sundag blir sikkert ei stor oppleving. Konserten kostar kr 150.
 

andrea_rice1_l.jpg (36097 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 13.08.07
 

50 til løe-gudsteneste på Skorpo
”Så grønn en drakt, så rik en duft har smykket dal og enger! Nu strykes ømt av lys og luft de fagre urtesenger”. Slik song dei 50 som kom til gudsteneste i løa på Søre Skorpevågen på Skorpo søndag ettermiddag. Det var så sant som det er skrive, for den fagre øya utanfor Uskedalen er i overdådig høgsommardrakt nett no.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                  Publisert 04.07.07
 

Sven Harald Nilsen har takka ja til stillinga
Den nye soknepresten i Kvinnherad, Uskedalen og Ænes sokn Sven Harald Nilsen (55) tiltrer i den nye stillinga midt i september. Nilsen, som er frå Arna, skal bu i Rosendal og flyttar dit saman med kona Sigrun Vik Nilsen. Ho er frå Fitjar og dei har tre vaksne born.

Meir >>>                                                                                                                                                                    Publisert 30.05.07
 

Ny sokneprest i Kvinnherad
Bjørgvin bispedømeråd har i møte 8. mai gjort vedtak om tilsetjing i 4 prestestillingar: Sokneprest i Nysæter, sokneprest i Kvinnherad, sokneprest i Årstad og Fridalen og sokneprest i Biskopshavn. Sven Harald Nilsen har fått tilbud om stillinga i Kvinnherad.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                     Publisert 09.05.07
 

Konsert i Varaldsøy kyrkje laurdag 12. mai
Laurdag 12. mai vert det konsert i Varaldsøy kyrkje kl 1515. Då kjem eit mannskor frå marinebasen Haakonsvern på vitjing. Koret heiter Navy Vocalis. Det består av folk som arbeider eller har arbeidd i Sjøforsvaret. Koret har 23 medlemmer og blir dirigert av Marta Sørheim. Konserten i Ølve kyrkje kjem til å bli svært variert, så velkomne skal alle vera til ein triveleg ettermiddag i kyrkja. Det vert kollekt ved utgangen. 

Meir >>>                                                                                                                                                                    Publisert 07.05.07

Ny julekonsert i Varaldsøy kyrkje
Det blir julekonsert i Varaldsøy kyrkje sundag 7. januar kl 17. Då kjem songkoret "Røyserett for alle" frå Uskedalen. Dirigenten deira er Maria Malmsten Steinkopf. frå Stord. I tillegg til å dirigera kor er ho også ein dugeleg songar. I tillegg til koret kjem også Kvinnherad trekkspelklubb. Songaren Sussi Bodin som bur på Varaldsøy kjem også til å delta i programmet. 

wpe1.gif (24856 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 01.01.07

2006:

Julekonsert i Varaldsøy kyrkje
Det blir julekonsert i Varaldsøy kyrkje sundag 17. desember kl 19. Då kjem Strandebarm songlag på vitjing. Dirigenten deira heiter Øyvind Widerøe. Han kjem til å syngja solo. I tillegg til koret er det ei lita songgruppe som heiter "Litt av kvart" som skal opptre. Organist  Daniel Hydle vert med. Det vert også andakt og allsong. Kollekt ved utgangen.

wpe1.gif (18677 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 13.12.06

Jubilemskonsert i Ølve kyrkje
Sundag 17. desember kl 16 vert det jubileumskonsert i Ølve kyrkje.
Det er to ulike jubileum som skal markerast. Kor i Ølve er 10 år og Kulturskulen er 30 år. Kor i Ølve vil opptre i fleire avdelingar med julesongar i ulike arrangement. Av kulturskuleelevane blir det mest keyboardelevar som spelar julesongar. I tillegg vil ein tidlegare kulturskuleelev, Magnhild Berge, kveda for oss. Konserten er gratis og open for alle.

wpe1.gif (22032 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 12.12.06

Nynorsk salmekveld i Ølve kyrkje
Onsdag 25. oktober kl 19 vert det nynorsk salmekveld i Ølve kyrkje.
Kor i Ølve syng. Magnhild Berge deltek med kveding. Olav Vikse kåserer over temaet: Kva skal vi med meir enn nok? Og ikkje minst vert det høve for alle til å syngja mange av dei gode, gamle og kjære nynorske salmane våre. 
På biletet ser vi den mest kjende nynorske salmediktaren; Elias Blix

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 14.10.06

Konsert i Ølve kyrkje med unge russiske talent.
Tysdag 17. oktober kl 19 vert det konsert i Ølve kyrkje.
Også i år er vi heldige å få besøk av unge russiske talent. I tillegg til dei russiske musikarane kjem også Tina Presthus, nyleg meister i kvitt eller dobbelt. 
Dei framfører lettare klassisk musikk.
Det vert kollekt ved utgangen

wpe1.jpg (140221 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 14.10.06

Konsert i Ølve kyrkje 
Søndag 17. september kl 16 vert det konsert i Ølve kyrkje.
Songaren Eirin Spilde frå Odda og gitarist Einar Løkling frå Bømlo held konserten. 
Dei framfører Negro Spirituals, religiøse songar m.m.
Bilettprisar: vaksne kr 100, familie kr 150, born gratis.

Eirin.JPG (75429 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 11.09.06

Pilgrimsstevne i Røldal
Det blir pilgrimsstevne i Røldal 7.og 8. juli 2006.
Kapellan Arne S. Nataas fortel om at programmet for dei to dagane tek til å ta form.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 30.05.06

Fellesgudsteneste 2. juli kl.14.00 på Bjellandsnes i Åkrafjorden
Fjordkafeen skipar til fellesgudsteneste mellom sokna i Kvinnherad og Etne sundag 2. juli. Fjordkafeen er eit sommarprosjekt i juli månad, i tilknyting til den gamle krambua på kaien i Bjellandsnes. Denne vart nedlagt i 1964, men vart opna som sommarprosjekt i 2005.
Ein tur til Åkrafjorden denne sundagen kan bli ei fin oppleving.

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 30.05.06

Biletvev i bårehuset i Uskedalen
Under kveldsmessa 1. påskedag blir det innviing av ein biletvev i det nye bårehuset
i Uskedalen, fortel soknerådsleiar Konstanse Otilia Tveit. Det er Aud Myklebust som
har laga biletveven og kalla den "Kom til meg". Den syner ein oppstanden Kristus-skikkelse
i friske, ljose fargar.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 13.03.06

Kyrkjekonsert i Uskedalen og Hatlestrand kyrkjer
Søndag 9. april (palmesøndag) vert det kyrkjekonsert i Uskedalen og Hatlestrand kyrkjer. Organisten i Rosedal, Peter Couzens, held konsert saman med ei musikagruppe. Dei fleste i gruppa kjem frå Kvinnherad. Sentralt i programmet står to orgelkonsertar av G. F. Handel. 
I Uskedalen startar konserten kl 15, på Hatlestrand kl 1830. Kollekt i Uskedalen kyrkje, billettar i Hatlestrand kyrkje. Billettprisar: vaksne kr 100, familie kr 150

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 08.03.06

2005:

Adventskonsert i Varaldsøy og Ølve kyrkjer
Søndag 11. desember vert det konsert i Varaldsøy og Ølve kyrkjer med Strandebarm songlag. Konserten på Varaldsøy startar kl 15. I Ølve vert konserten kl 18. Dei har med seg Halgeir Aase på trompet og Helena Solberg på orgel.

wpe5.gif (3250 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 07.12.05

Unge musikarar i Ølve kyrkje
Måndag 17. oktober vert det konsert i Ølve kyrkje. Då kjem unge russiske talent på besøk. Det er fire unge musikarar i alderen 9 til 14 år som skal spela for oss. Dei spelar klaver, fiolin og fløyte. Desse unge musikarane har nådd eit høgt nivå og spelar som vaksne. Kyrkja har hatt vitjing av liknande grupper tidlegare år, og konsertane har alltid vore svært vellukka. Det vert kollekt ved utgangen.  

wpe2.gif (18523 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 07.10.05

Konsert i Ølve kyrkje
Torsdag 13, januar vert det konsert i Ølve kyrkje. Då skal kvedaren Berit Opheim frå Voss framføra Draumkvedet. Ho syng heile Draumkvedet utan tonefølgje. Konserten byrjar kl 19. Dette blir ein spennande konset 

 

opheim2.jpg (14629 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 11.01.05

2004:

Adventskonsert i Hatlestrand kyrkje
Onsdag 15. desember kl 1930 vert det konsert i Hatlestrand kyrkje. Tradisjonen tru kjem då Strandebarm songlag og held ein variert konsert med korsong. salmesong og andakt.

 

wpe5.gif (3250 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 24.11.04

Nittiårsfeiring på Bots- og bededag
Folk i Uskedalen og bygdene omkring fylte kyrkjebenkene til siste rad under kyrkjejubileet sundag 31. oktober. Etterpå var det samling i Helgheim og først seks timar etter gudstenestetid var feiringa ferdig.

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 10.11.04

Orgelbasar i Hatlestrand gamleskule
Søndag 14. november kl 16 vert det basar i gamleskulen. Soknerådet ønsker å byggja ut det digitale orgelet i kyrkja med mange nye lydar. "Kor i Ølve" vert med og syng songar av Johannes Kleppevik. Soknerådet håpar på ein triveleg søndags ettermiddag i Hatlestrand gamleskule. Sjå elles oppslag og ark i posten.

Digitalt orgel.jpg (57115 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 18.10.04

Konset i Ølve kyrkje med unge talent
Måndag 11. oktober vert det konsert i Ølve kyrkje med unge talent frå Russland. Det er tre ungdommar som spelar flygel, fiolin og trompet. Konserten startar kl 19. Det vert kollekt ved utgangen. Desse ungdommane har nådd eit fabelaktig niva. Møt fram og støtt positive ungdommar.

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 27.09.04

Konset i Ølve kyrkje
Det vert konsert i Ølve kyrkje med den russiske duoen "Golden Accolade" fredag den 24. september. Dmitry Lutziv spelar flygel og Olga Lutziv-Ternovskaja syng sopran. Dette ekteparet har gjesta Ølve kyrkje fleire gonger, og dei framfører musikk på eit svært høgt nivå. Konserten startar kl 1930. Det vert kollekt ved utgangen.

Olga Lutziv.jpg (36937 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 15.09.04

Friluftsgudstenester
Det vert friluftsgudsteneste på Vikastølen i Åkra 27. juni kl 12.
Den 4. juli vert det friluftsgudsteneste på Hatlestrand, Kirkhustunet kl 11.
Siste friluftsgudsteneste vert på Skorpo 18. juli kl 13.
 

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 25.06.04

Ny sokneprest
Sokneprest Ingolv Gjedrem er for tida ute i ein lang sjukepermisjon. John Victor Selle vil då bli ny sokneprest frå 15. august. Han blir i stillinga inntil Ingolv Gjedrem er klar til å koma tilbake.

John Victor Selle.jpg (3877 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 17.06.04

Prestegjeldsgudsteneste
Det vert gudsteneste på Varaldsøy 2. pinsedag kl 11 for heile Kvinnherad prestegjeld.
Alle i prestegjeldet er då velkomne til å ta seg ein tur til Varaldsøy kyrkje.
 

 

wpe5.jpg (3167 byte)

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 26.05.04

2003:

Det nye orgelet i Hatlestrand
Som ein del kjenner til, fekk Hatlestrand kyrkje nytt orgel til påske. Orgelet er eit digitalt orgel som er produsert av Allen Organ Company i USA.

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 12.09.03

Utvidingsplanar...!?
Me høyrer og les rett som det er at både store og små verksemder reduserer arbeidsstokken sin, for å spara pengar og gjera drifta meir lønsam. "HØVeleg helsing" har planar om det motsette...

Meir >>>                                                                                                                                                                   Publisert 12.09.03

 

Kyrkja ynskjer velkomen til Gudstenester og andre samlingar