|
Show-it i Kvinnherad
kyrkje
Kvinnherad Kyrkja sitt sokneråd og Søndagsskulen i Omvikdalen har eit
samarbeidsprosjekt i vår
som heiter Show-it, som kjem til å gå over 6 laurdagar i Kvinnherad
kyrkje (sjå plan nedenfor).
Dette er ei feiring som set familien i fokus, med Bibelsk innhald og
undervisning.
Rusty Russel seier i ei anbefaling av Mark Holmens bok Tro på hjemmebane
: “Foruroligande mange born forlet kristentrua
når dei veks opp og blir vaksne. Vi er difor nødt til å revurdere måten
vi driv kyrkjene våre på. Det er på høg tid at kyrkjene byrje å utruste
foreldre, særleg fedre, til å oppdra borna i ei kristen tru“.
Ein av initiativtakarene, Solfrid Hellesøy Siqveland i soknerådet, seier
at dei ynskjer at familiane skal få hjelp til å snakke om kristen tru
heime. Show -it er utarbeida av Familieverkstedet, som har sitt utspring
i Bymenigheten i Sandnes. Ho anbefaler varmt at de tek ein kikk på
www.show-it.no og
www.familieverkstedet.no. Familieverkstedet har selt Show-it pakken
til kyrkjer og medigheter i heile Norge, til Pinsemenigheter, Baptistar,
Metodistkyrkjer, Bedehus, Statskyrkja, Frikyrja etc. Samstundes vert det
vektlagt at Show-it gir ein Bibelsk tilnerming til mange av dagleglivet
og familielivet sine utfordringar, dette er difor samlingar som passar
godt for folk som ellers ikkje går så mykje i Bibelske samanhengar.
Tema for desse 6 laurdagane er henta frå Galatarane 5, 22-23:
"Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred,
tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjuke og sjølvdisiplin."
Av desse fruktene har show-it laga opplegg til Tolmod, Mildskap/Venleik,
Sjølvdisiplin, Glede, Truskap og Kjærleik. I familielivet møter vi
stadig utfordringar knytt til desse stikkorda. Show-it utfordrar kvar
familie til å jobbe med disse begrepa og bli utfordra på samtale om dei.
På denne måten kan ein få bearbeida dumme situasjonar og ein kan få
hjelp til å fokusere på “frukter” som ein vil ha meir av i familielivet.
Desse tema er like aktuelle og nyttige om ein er van med å gå i kyrkja
eller ikkje. Show-it kan difor vere ein god reiskap for å nå ut til
familiar som vanlegvis ikkje møter opp på gudstenester og i kristne
samanhengar.
Etter kvar av dei 6 samlingane får kvar famile med seg ein
Familieressurs heim; ein DVD som er eit slags “Barne-tv” som kvar
familie skal arbeide med når dei kjem heim, eller ein dag seinare. På
denne måten får vi familiane til å bruke Bibelen ilag heime, og gjere
seg kjent med at Guds ord er høgst aktuelt og til hjelp!
Kvar samling startar 16.55, (NB! Nytt tidspunkt
frå 3. april! Samlingane startar kl 16.30!)
og varer like under ein time. Etterpå blir
det litt kaffi og sjølvsagt frukt å bite i,
og samlingane avsluttar med at alle får med seg ein DVD i handa når dei
går. Soknerådet betaler.
Solfrid Hellesøy Siqveland oppmuntrer til forbøn for dette arbeidet.
Om du eller nokon du kjenner kan tenke seg å gje ei hand med
matservering, kaffikoking, rydding eller forsong, så kan du ta kontakt
med Solfrid på 9515 2329.
Show-it i Kvinnherad kyrkje:
Laurdag 6. februar
kl 16.55
Laurdag 6. mars kl 16.55
Laurdag 3. april kl 16.30 (påskeafta)
Laurdag 1. mai kl 16.30
Laurdag 22. mai kl 16.30
NB! Nytt tidspunkt!!
Laurdag 12. juni kl 16.30
|