Barnegospelfest med SEVEN! Laurdag 12. september inviterte Kvinnherad sokneråd og Gospel Kids
til Barnegospelfest i Rosendal samfunnshus. Alle born frå 2. klasse og
oppover kunne få vera med og synge saman med den populære kristne
jente-gruppa Seven.
Vél 30 born vart med i koret. Her var
born frå bygdene rundt Rosendal, men og nokre frå ytre luten av
kommunen. Dei møtte til øving kl 13 og øvde fram mot konserten som
skulle vera kl 17. Det kom bra med folk på konserten, og dei frammøtte
fekk oppleva ein sprudlande gjeng som song friske songar om alt frå
Jesus, Bibelen, vennskap og forelskelse.