Søndag 15. juni vart Nedre Skåla gravplass vigsla. Vigslinga fann stad
like etter gudstenesta i Kvinnherad kyrkje, og prost Svein Arne
Theodorsen leia vigslingshandlinga. Han heldt og vigslingstalen.
I samband med vigslinga vart det og skriftlesing av sokneprest Åge
Sætre og klokkar Berta Haugland.
Etter vigslingshandlinga var det helsingstale av ordførar Synnøve
Solbakken, der ho understreka gleda
over at kyrkjegarden no var ferdig, og at den står fram som eit vakkert
anlegg, ein plass for fred og ettertanke.
Leiar for Fellesrådet Hans Berge bar og fram ei helsing der han og gav
uttrykk for glede og takksemd over at kyrkjegarden no står ferdig som
eit vakkert anlegg.
Det var om lag 40 menneske som var tilstade ved vigslinga
Det er anleggsgartnarfirma Jostein Myge frå Karmøy som har utført
anleggsarbeidet,
og Riss-arkitekt v/Anne Irgens har utført arkitekt/planarbeidet for
kyrkjegarden.
Ivar Kåre Døssland ved Teknisk etat har vor prosjektleiar.
Med denne vigslinga er eit 10 års langt planarbeid gjennomført, der
mange ulike framlegg til plassering og løysingar har vore fremja og
drøfta. Det har nok vore eit ønskje at kyrkjegarden skulle liggje meir i
tilknyting til noverande kyrkje. Dette har ein ikkje fått godkjenning av
riksantikvaren, og når ein då står att med den løysinga som vart valgt
så vonar ein at dette likevel kan opplevast som ein god og fin løysing
for kyrkjelyd og bygda.
Arne Lindekleiv
Frå
venstre: Prost Svein Arne Theodorsen, ordførar Synnøve Solbakken,
leiar for Fellesrådet Hans Berge og kyrkjeverge Arne Lindekleiv