Oppdatert/endra
22.05.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Innviing av bårehus/driftsbygning på Ølve


Onsdag. 14. mai var det innviing av nytt bårehus og driftsbygning på Ølve. Heilt sidan kyrkjegards-utvidinga i 1997 har ein arbeidd med å få økonomiske løyving til bygningen - og hausten 2007 kunne arbeidet starta opp.

Det er Alf Jarle Langeland som har hatt ansvar for utføringa av byggearbeidet, og Ingmar Tråvik har vore med.
Johannes Rørvik har hatt ansvar for røyrarbeid og flislegging. Bjørn Vaage og Arne Myklebust ved Teknisk etat har vore med i planlegging og leiing av byggearbeidet. Ved at ein har nytta eigne folk til dette arbeidet har ein spart mykje pengar, og arbeidet som er gjort er av høg kvalitet.

Bygget inneheld bårerom, reidskapsrom, toalett og pauserom for kyrkjegardsarbeidarane med eige toalett.
Kjellaren, der det har vore toalett og bårerom, kan no nyttast som lagringsplass for større gjenstandar som til no har vore plassert andre stader.

Hans Berge som er leiar både for Ølve sokneråd og fellesrådet - og har vore ein pådrivar for å få bygget på plass, føretok den offisielle opninga ved å klyppe snora. Kyrkjeverje Arne Lindekleiv hadde ei orientering om bygget, og til slutt var det blomar, kaffi og marsipankake. Representantar frå sokneråd, kommune og tilsette var tilstades.

AL
 

Fellesrådsleiar Hans Berge
føretek den off. opninga av bygget

 
Kyrkjeverje overrekker Alf Jarle Langeland
blomar for flott utført arbeid
   
Det nye bårehuset
Alle foto: A. Myklebust
 

 

Hit Counter