|
På bedehuset i Uskedalen har vi småbarnstreff
annankvar onsdag frå kl 10.30 – kl 12.00. Dette er eit tilbod for
born frå 0 – 6 år i fylgje med foreldre, besteforeldre, dagmamma
e.l. Tilbodet gjeld både uskedelingar og dei frå andre bygder i
Kvinnherad. I haust har vi skifta dag, frå fredag til onsdag.
På ei vanleg samling har vi leik i starten, slik at
små og store vert litt kjende med kvarandre. Så kjem 'fiskekassa'
fram og då sit vi i ein ring på madrassar på golvet. Borna får fiske
kvar sin 'fisk' og bak på den står det ein song som vi syng. På den
eine fisken står det 'forteljing' og då fortel Nelly eller nokon
besøkande ei bibelforteljing.
Vi syng songar som Tommeltott, Så lagar vi ein song..., Om eg er
liten eller stor, Eg er trygg hos deg og mange fleire. Så syng vi 'Å
du som metter liten fugl…..' og då sprett alle opp og set seg rundt
bordet.
Menyen er Selmas mjølkekaker, sveler, vaflar, potetkaker e.l. og
eplejuice. Dei minste får mat hjå mammaèn sin i sofaen.
Etter maten lagar vi noko. Aktiviteten på samlingane i haust vert
leikedeig, fingermåling, dokke-Lisebamse, figurbollar, pusling,
englar og peparkakebaking. Borna likar godt å leika saman med duplo
o.l. på golvet.
I haust vil vi laga eit bilete av hendene til alle borna som går på
Småbarnstreff, Yngste/Unge Røyster og minste gruppa på
Sundagsskulen.
Her er du velkomen til ein sosial verestad for både liten og stor!
Første onsdagssamlinga var 5. september,
så samlast vi 19/9, 17/10, 31/10, 14/11, 28/11 og 12/12.
I år har vi ein julefest på Bedehuset for både liten og stor – den
vert truleg 30/12 (6.juledag) kl 18.
Der vert Marit H Ådnanes med oss, ho er barne-
og ungdomsarbeidar i Indremisjonssamskipnaden.
Leiarane på Småbarnstreff er Selma Eik og Nelly Kjærland
Artikkelen er henta frå
www.uskedalen.no
|