Konsert i Ølve kyrkje måndag 15. oktober kl 19
med unge russiske talent.
Det er også i år ekteparet Jelena og Arild Presthus som arrangerer turneen
i Noreg for dei unge musikarane. Dei har danna selskapet Presthus Art og jobbar
aktivt for å få russiske musikarar til Noreg. Jelena er frå Moskva, og mor
hennar er professor i klaverspel ved eit musikkonservatorium i Moskva. Dei har
då nærkontakt med miljøet og kan henta til Noreg musikarar i verdsklasse.
Dotter deira, Tina Presthus er etter kvart blitt ein dugande fiolinist og har
vunnne fleire konkurransar. Ho har vore med på turneane frå ho var lita. Også
i år får vi høyra henne.