Konsert i Ølve kyrkje sundag 19. august kl 19
med den irske songaren Andrea Rice
Disse har skrevet følgende kritikker om irske Andrea Rice.
Fra noen aviser:
Vakkert og spenstig frå Irland. Irsk musikk er til å bli glad
av, særlig levert av
Andrea Rice. Ho viser ekte glede over å spele, og let gleda smitte over på
publikum. I kveld og laurdag spelar dei på Sandsøya i samband med
Arthurspelet.
Kystfolk: Gle dykk, for dette er skikkelig bra.
Journalist Bengt Flaten "Sunnmørsposten"
Irsk konsert med sjel. Onsdag kveld fekk dei frammøtte i Høyanger
kyrkje, ei musikalsk oppleving dei seint vil gløyme. Andrea femna alt; styrke
og varsemd, lyse og mørke tonar i et
utruleg vakkert uttrykk. Ein skal leite lenge etter å finne maken til
stemmeprakt.
Journalist Sissel Tove Litzheim "Ytre Sogn Avis"
Stor stemme. Irske Andrea Rice imponerte dei fleste med si store
stemmeprakt.
Sjølv om ho ikkje raga så høgt på strømpelesten, innfridde ho alle
forventningar
med sine gnistrande framføringar av så vel rolege balladar som sprelske
rot-irske
folkemelodia.
Journalist Annbjørg Hauge Nygård "FIRDAPOSTEN"
Irsk stemning. Andrea Rice trollbatt sitt publikum. Ei fullsett
Kviteseid gamle kyrkje fekk ei musikalsk oppleving sundag kveld. Med sin
sjarmerande irske aksent, fekk Andrea god kontakt med publikum. Rolege ballader
og fengane irsk folkemusikk, fekk publikum med på
notane. Taktfast klapping synte at dette gjekk rett heim hjå kviteseidingane.
Dette er tydelig ei dame som held eit profesjonelt nivå.
Journalist Kjersti Nordskog "Vest-Telemark Blad"
Fra et brev
Andrea Rice konsert i Hove kyrkje.
Konserten med Andrea Rice og musikarar var eit samarbeid mellom Det
Nordatlantiske
Kulturfellesskap, Vik kommune og Vik kyrkje. Hove gamle steinkyrkje vert i
sommarhalvåret
nytta til diverse kyrkjemusikalske arrangement. Det var difor spanande å
innby til konsert
med en meir profan karakter enn det ein elles var vand med. Andrea Rice som
er ein kjend
formidlar av irsk tradisjons/folke-musikk, heldt eit høgt kunstnarleg
nivå. Konserten vart
godt motteken av publikum. Dette viser at kyrkja i mange samanhengar kan
være en viktig