|
|
|
| |||||||||||
|
50 til løe-gudsteneste på Skorpo |
|
![]() |
![]() |
|
Det heiter òg i salmen at "...sin lykke, fred og sommerfryd må yre fugler prise”. Det var også eit korrekt bilete, for småfuglane song friskt i dei ranke furukronene utanfor løa og blanda seg vakkert i salmesongen. Fungerande sokneprest John Victor Selle hadde ikkje vore på Skorpo før og førsteinntrykket var sterkt for presten som no blir pensjonist. – Her kjenner eg meg veldig heime! Når eg ser meg rundt her i løa blir eg sett attende til ei kyrkje på misjonsmarka, sa Selle. Han sikta til ei kyrkje i Bangladesh, der han gjorde teneste i ni år på 1970-talet. Det strålande sommervêret hadde gjort det mogeleg å halda den tradisjonsrike gudstenesta utomhus denne gongen, men løa er eit svært veleigna lokale. Der kan folk sitja og til og med sitja mjukt, samstundes som akustikken er svært god. Skorpo-gudsteneste nummer åtte Dette var Skorpo-gudsteneste nummer åtte og den femte som er halde i løa. Også i fjor kom det 50, men då var gudstenesta to veker seinare. No frykta arrangørane at det ikkje ville koma så mange då hyttefolket enno ikkje har rykka inn på øya for alvor. Men den frykten viste seg altså å vera ugrunna. – Skorpo-folket fortener takk, det er kjempefint at dei vil oppretthalda denne gode tradisjonen, sa presten. Han kom ein halvtime for seint og forklarte det muntert slik: – No blir det nødvendig å fletta inn i kallsboka at gudstenesta starta 28 og eit halvt minutt for seint på grunn av presten sin manglande harddisk! Men det bør også stå at han vart tilgjeve! Forseinkinga gjorde ingenting, for halvtimen vart nytta til barnesong leia av Nelly Kjærland. Postludium fekk det til å rykkja i dansefoten Også i år var Reidar Algerøy organist og fekk det utrulege ut av instrumentet sitt – til dømes klokkelang og eit postludium som fekk det til å rykkja i dansefoten! Det er, som i fjor, sju fastbuande på Skorpo og alle var på plass i løa under gudstenesta sjølv om den yngste er to (Nikolai Vågen) og dei to eldste 85 (Nils Vågen) og 84 (Judith Vågen). Johannes Hauge (72) var også denne gongen travelt oppteken med å skyssa folk over sundet. Det heile vart runda av med servering – eit fint punktum for ein svært triveleg søndag på Skorpo. Men eitt Skorpo-arrangement saknar vi denne sommaren – og det er den organiserte turen til topps på øya! Tekst og foto: Ola Matti Mathisen www.uskedalen.no
|
|
![]() |
![]() |