|
|
|
|
Konsert i
Ølve kyrkje |
Songaren Eirin Spilde frå Odda
er eit ukjent namn for mange, men etter som rykta går så er ho svært
flink. Med ei fantastisk varm og levande stemme har ho trollbunde publikum
omkring i landet. Med konsertar i Flekkefjord, Bømlo og Kopervik har Eirin
markert seg som vokalkunstnar. Det er nok soul og ballader som er perlene i
Eirin sitt smykkeskrin, men dette er ein artist som kontrollerer dei fleste
stilarter. I Ølve kyrkje vil ho syngja Negro Spirituals, religiøse songar
m .m. Artisten Eirin har fleire studiojobbar bak seg, og resultatet er
fleire spennande innspelingar som viser den unike kvaliteten I Eirin si
stemme. Ein eigen plateproduksjon med henne er under planlegging, og ein
held no på å finna songar til plata. Dette er ei stemme som må bli hørt.
Med seg ho Einar Løkling på gitar. Han har i mange år vore gitarlærar i
Kvinnherad kulturskule. For 2-3 år sidan flytta han tilbake til Bømlo og
har jobba som gitarist i ulike samanhengar. Vel møtt til ein spennande
konsert.