Pilgrimsstevne i Røldal
 |
Det blir pilgrimsstevne i
Røldal 7.og 8. juli 2006.
Kapellan Arne S. Nataas fortel om at programmet for dei to dagane tek til å
ta form.
Fredag kveld blir det konsert i Røldal kyrkje kl. 19.30 v/ Dale mannskor.
Same kvelden er det katolsk gudsteneste der kl. 23.
Laurdag blir det foredrag om pilgrimsvandringane, og kulturhistorisk
bygdevandring. Desse postane vert til ulik tid, slik at ein kan få med seg
begge deler.
Om kvelden kan ein vera med på kort pilgrimsvandring, "Krossvandring",frå
Bråstøl (vegskysset til Valldalen) til Røldal. Ein gjer stopp undervegs, med
tekstlesing frå Jesu lidingsveg, og song. Då startar ein om lag kl. 20.30,
og er framme til kyrkja til midnattsmesse kl. 23.
For dei som har lyst på ein tur som tek heile dagen, kan ein møta opp ved
Haukeliseter turisthytte kl.09.00.
Meir informasjon finn du på
www.oddakirken.no.
Har du lyst på ei fin oppleving i den vakre Røldalsbygda, vil eg oppmoda deg
å ta turen dit!
I fjor sommar fekk eg høve til å vera der, og kan tilrå dette på det beste!
Hildur Øvsthus
|