|
|
|
|
Fellesgudsteneste 2. juli
kl.14.00 |
![]() |
Fjordkafeen skipar til
fellesgudsteneste mellom sokna i Kvinnherad og Etne sundag 2. juli.
Fjordkafeen er eit sommarprosjekt i juli månad, i tilknyting til den gamle
krambua på kaien i Bjellandsnes. Denne vart nedlagt i 1964, men vart opna
som sommarprosjekt i 2005. Ein tur til Åkrafjorden denne sundagen kan bli ei
fin oppleving.
Korleis koma seg dit?
Det vil bli båtskyss frå Åkra ca. kl.
12.30 for dei som ynskjer det.
Meld frå på telefon eller SMS til Gisle Sellevold på nr. 47339600.
Eit anna alternativ for dei spreke: Tur over fjellet; guida tur frå
Blådalsområdet langs den gamle stien over fjellet slik at ein når fram i god
tid til gudstenesta. Ta kontakt med Gisle Sellevold om du er interessert i
denne turen!
Kanskje me kunne laga ei slags pilgrimsvandring til Bjellandsnes...?
HØ