|
|
|
|
Biletvev i bårehuset i Uskedalen
|
![]() Soknerådsleiar Konstanse Otilia Tveit tek i mot biletveven av Aud Myklebust (til høgre). |
Under kveldsmessa 1. påskedag
blir det innviing av ein biletvev i det nye bårehuset i Uskedalen, fortel
soknerådsleiar Konstanse Otilia Tveit. Det er Aud Myklebust som har laga
biletveven og kalla den
"Kom til meg". Den syner ein oppstanden Kristus-skikkelse i friske, ljose
fargar.
Eigentleg hadde soknerådet sett av 15.000 til veven, men kunstnaren fann det
naturleg å gje den til kyrkja
som lekk i ein tradisjon: Mannen Arne Johan Sørensen Myklebust sin farfar
Torgeir ga tomta både til kyrkja
og gravplassen i Uskedalen.
Veven vil henga mellom to lampettar i det etterlengta nye bårehuset, som
vart opna i november.
Det var svært naturleg å be Aud Myklebust (født Sørheim) laga veven, fordi
ho har minst eitt bein i Uskedalen. Ho og mannen har hatt feriestaden sin i
Myro sidan 1977 og nå har ho fått bygt eit eige atelier der, eit
sjarmerande, lite hus ovanfor hovudhuset. Både Aud og Arne er fanastrilar,
men han har djupe røter i Uskedalen. Bankmannen har vore kordirigent i 50
år.
- Eg er autodidakt som kunstnar og har kombinert måling og vevnad med
husmoryrket, fortel Aud.
Ho byrja med måleri og så kom vevnadene etterkvart.
Rundt om i Kvinnherad er det fleire vevnader av Aud Myklebust og ho har hatt
fleire utstillingar i vår kommune.
I Rosendal Bedehus heng "Såmanns-søndagen" og i Kvinnherad Sparebank finn
ein "Måneskinn over Hardangerfjorden". Rosendalstunet har eitt maleri.
Ellers kan ein finna arbeider av henne både i Førde, Samnanger og Bergen og
i Rogaland Teater i Stavanger rir ein Pegasus som ho har laga!
- Eg vev gjerne motiv som eg på førehand har måla, fortel Aud.
Under det første møtet i det nye soknerådet tidleg på nyåret vart Konstanse
Otilia Tveit vald til leiar. Dei andre i soknerådet er Tormod Myklebust,
Inger Anne Leite, Tormod Myklebust, Jan Frank Kristiansen, Audun Eik og
Marit Langballe. Varamedlemmer er Britt Jorunn Arnesen, Reidar Myklebust,
Anne Christine Christiansen, Lars Haugland og Edvin Kjærland.

Det nye soknerådet samla til sitt fyrste
møte i kyrkja:
Frå venstre står fungerande sokneprest John Victor Selle, Tormod
Mmyklebust, Inger Anne Leite,
Marit Langballe, Audun Eik, Anne Christine Christiansen, Britt Jorunn
Arnesen og Konstanse Otilia Tveit.