|
|
|
|
Unge musikarar i Ølve kyrkjeMåndag 17. oktober kjem altså 4 unge musikarar på besøk til Ølve kyrkje og held konsert. Den yngste kjem frå Noreg men har russisk mor. Ho heiter Annie Valentina Presthus, spelar fiolin og bur på Stord. Den nestyngste i flokken heiter Timur Nardinov som er 11 år og spelar fløyte. Så er det Polina Kulikova på klaver og Tatiana Shalaginova på fiolin. Dei to sistnemnte er begge 14 år. Det er Presthus art som arrangerer turnéen med musikarane. Presthus art består av Arild Presthus og kona hans Jelena Presthus som er frå Russland. Dei bur på Stord og er foreldra til Annie Valentina som skal spela fiolin på konserten. Jelena har svært godt samband med Russland fordi mor hennar underviser i klaver på eit musikkonservatorium i Moskva. Dei kan då henta topp musikarar til Noreg. Arild Presthus kjem frå Ølve og passar på at Ølve kvart år får vitjing av dugande musikarar frå Russland. Konserten vert støtta av Kvinnherad kulturkontor. Men konserten er likevel svært avhengig av ein god kollekt for å gå i balanse. Vel møtt til flott konsert i kyrkja.
|