Kyrkjejubileum i
Uskedalen:
Nittiårsfeiring på Bots-
og bededag

På kyrkjebakken f.v. kyrkjeverje Arne Lindkleiv,
seniorprest Halvor Medhus, sokneprest Geir Styve,
prost Arne O. Øystese, prost Svein Arne Theodorsen, fung. Sokneprest John
Victor Selle,
sokneprest Gunnvald Bjotveit, tidl. sokneprest Tor Holm og soknerådsmedlem
Bjørgulv Eik.
Folk
i Uskedalen og bygdene omkring fylte kyrkjebenkene til siste rad under
kyrkjejubileet
sundag 31. oktober. Etterpå var det samling i Helgheim og først seks timar
etter gudstenestetid
var feiringa ferdig.
Det var
ingen nattverd i kyrkja denne dagen, derimot to barnedåpar. Og prost Svein
Arne Theodorsen hadde med seg eit mannsterkt prestekorps, heile seks,
utstyrte med dei pontifikalia markeringa krev. Den kvite prestedrakta med
raud stola står i grunnen fint til bunadtradisjonane her omkring. Det er
ikkje berre biskopen
i Bergen som er velkledd i kyrkjeleg samanheng.
Folk i
Uskedalen og bygdene omkring fylte kyrkjebenkene til siste rad. Medlem i
soknerådet og nestor
i kulturlivet i bygda, Bjørgulv Eik, ønskte velkommen og til lykke med
dagen. Fungerande sokneprest
John Victor Selle forretta og viste til programmet for gudstenesta:
- Det står alt her i riktig rekkefølge!
Og
venare er bygdi
Prost Svein Arne Theodorsen viste til omtalen av kyrkja i Uskedalsongen: ”Og
venare er bygdi vår no, no når vi vår kyrkje har fått”. Preiketeksten var
frå Apostelgjerningane 2, om den første kyrkjelyden i Jerusalem.
Framme
i koret sat seks prestar og klokkar Oddbjørg Heimark. Musikalske innslag var
ved organist Peter Couzens, Aslaug Hestø og Kristine Hestad, fløyte, Gerd
Helene Christiansen, fiolin og Kjell Skarsfjord, cello. Uskedalskoret
Røysterett for alle deltok òg, dirigent Turid Anne Ruste og Haldor Tveit på
trekkspel. Dåpsborn denne høgtidelege dagen var Birk Sæle og Kristiane
Skjelnes.
Hjønnevåg metta 90
Vel oppe i Helgheim og ein time uti neste bolken, jubileumsfesten, kunne vi
konstatera at tida for under ikkje er forbi. Etter å ha sunge to vers av
Himmelske Fader vart vi påspanderte ein trerettars middag av
fiskematbedrifta Brødrene Hjønnevåg. Marinert laksefilet forstår dei seg på.
Det var dekka til bortimot 90 og ein gjeng dugande kvinner frå bygda stod
for serveringa.
Prolog
for dagen var ved Aslaug Eik, som tok føre seg store og små hendingar i den
lokale kyrkjehistoria på verseform. I Helgheim
var det musikalske innslag ved Ane Hartås Mæland og Kaia Haugen Valvatne,
song og Annbjørg Naterstad, piano, og dei unge messingblåsarane Ingvill
Tråvik Sture, Vegard Døssland og Torbjørn Steinsvik.
Fyldig markering
Ordførar Bjarne Berge ønskte til lykke med dagen på vegner av kommunen. Ei
rekkje av menn, både geistlege og leke, boltra seg på talarstolen. Forutan
prologforfattaren var det berre uskedalsrektor Britt Arnesen av kvinner som
talte i forsamlinga. Til gjengjeld stod det tydelegvis kvinner bak det meste
i arrangementskomiteen. Samlinga vart leia av soknerådsformann Tore
Mathiesen.
Eit
fyldig hefte med bilete frå Uskedalskyrkja er laga av Bjørgulv Eik, Hans
Ordin Østebø og Kristian Bringedal
Magne Fitjar
|