|
|
|
|
Orgelbasar i Hatlestrand gamleskuleSøndag 14. november kl 16 vert det basar i Hatlestrand gamleskule. Soknerådet har vedteke å byggja ut det digitale orgelet i Hatlestrand kyrkje. Det skal då kjøpast ein liten boks som kan monterast oppå orgelet. Denne MIDI-boksen inneheld hundrevis av ulike orgellydar og instrument. Organisten har då eit hav av lydar å velja frå. Det må samlast inn 20 000 kr. Soknerådet meiner at det skal gå fint fordi bygdefolket var så velvillige då dei gav pengar til sjølve orgelet. "Kor i Ølve" vert med og syng songar av Johannes Kleppevik. Soknerådet legg opp til ein triveleg søndags ettermiddag i gamleskulen og håpar på godt frammøte.
|