|
|
|
|
Konsert i Ølve kyrkjeMåndag 11. oktober blir det ein spennande konsert i Ølve kyrkje. Då kjem unge talent frå Russland og spelar for oss. Trass deira unge alder har dei nådd eit fabelaktig nivå. Jelena og Arild Presthus, som bur på Stord, organiserer for tida ein konsertturne for dei. Vi får høyra den 12 år gamle jenta "Dasja" på fiolin, den 15 år gamle Elina på flygel og den 14 år gamle "Slava" på trompet. I tillegg til desse tre kjem "Tina" Presthus. Ho er dotter til Jelena og Arild, er 8 år og er svært flink på fiolin. Konserten startar kl 19. Det vert kollekt ved utgangen. Møt fram og støtt positive ungdommar!
|