Oppdatert/endra
02.01.2007



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Kvinnherad prestegjeld
Startside

Utvidingsplanar...!?      

Me høyrer og les rett som det er at både store og små verksemder reduserer arbeidsstokken sin, for å spara pengar og gjera drifta meir lønsam. "HØVeleg helsing" har planar om det motsette...

Kyrkjebladet for nordsida av Kvinnherad prestegjeld har kome godt i gjenge, og tilbakemeldingane me i redaksjonen har fått, tyder på at bladet blir godt motteke. Det finst ikkje noko liknande kyrkjeblad for dei andre sokna i prestegjeldet, og det har kome sterke ynskje frå fleire sokn om å få eit kyrkjeblad med lokalt preg. Bladet "Helg og Yrke" kjem til alle husstandar, men mange tykkjer det er for vidtfemnande sidan det skal dekka heile Sunnhordland prosti. Difor har tanken om å utvida "HØVeleg helsing" kome opp, og me har planar om å få til eit kyrkjeblad for heile Kvinnherad prestegjeld. Bladet vil då få fleire sider, med stoff frå alle sokna. Det vert òg fleire til å dela utgiftene... Lesarane i Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy sokn vil framleis finna innhald frå sine kyrkjelydar, gudstenestelister m.m. vil vera som før. Me satsar på å få ut eit slikt fellesblad til jul. Redaksjonsnemnda vil bli utvida med representantar frå sokneråda på andre sida av fjorden. Namnet på bladet lyt nok òg endrast, dette må modnast fram etter kvart. Dette blir spennande og utfordrande for oss alle, men me vonar at Kyrkjebladet framleis skal vera ein viktig del av arbeidet i kyrkjelydane, og at mange finn hugnad i å lesa bladet og vil støtta det økonomisk. 

Namnet og framsida til nytt kyrkjeblad
Som de ser vert det eit nytt kyrkjeblad for heile prestegjeldet før jul. "HØVeleg helsing" spelar på forbokstavane til namna på dei 3 sokna på nordsida. Vi treng då eit nytt namn. Det bør seia noko om Kvinnherad som prestegjeld og samtidig gjerne ha ei djupare tyding: "OVER FJORDEN". Dette spelar på at bladet vert eit kontaktorgan for eit prestegjeld med mange sokn som i tillegg er delt av ein fjord. Slik kan t.d. Åkra og Ølve sokn kjenne seg nærare – og kanskje vera til inspirasjon for kvarandre. På same tid er namnet eit sitat frå den kjende songen av Trygve Bjerkrheim: "Han tek ikkje glansen av livet". 4. verset begynner slik: "Han fører deg frelst over fjorden". Slik skal også bladet vera berar av den bodskapen som kan føre oss frelst "over fjorden" også. Men altså – dette er enno berre eit forslag.

Redaksjonen vil gjerne ha idear også til korleis logoen på framsida skal sjå ut. Eit forslag er at ta med små bilete (omgjort til teikningar) av alle kyrkjene i kvar sin firkant. Det går an å setja 5 kyrkjer (om bladet vert av same format som dette) over namnet til bladet og ei på kvar side – til saman alle 7 kyrkjene. Det går også å få ein teiknar til å gjera noko liknande på ein meir kreativ måte. Det finst sikkert mange fleire måtar å gjere det på. Vi må prøva å landa på eit forslag mange synest er bra. Så har du eit forslag eller veit du om nokon som kan ha det, set igong! 

Redaksjonen