|
|
|
|
Det nye orgelet i HatlestrandSom kjent fekk Hatlestrand kyrkje nytt orgel til påske. Orgelet er eit digitalt orgel som er produsert av Allen Organ Company i USA.
Eit slikt orgel kan ikkje samanliknast med dei elektroniske orgla som var så populære på 60- og 70-talet. I eit digitalt orgel er det opptak frå ekte orgelpiper. Desse opptaka er så gode at dei aller fleste vil tru at dei høyrer eit ekte pipeorgel. Orgelet har vore i bruk nokre månader og det er no for fyrste gong i kyrkja si historie råd å høyra flott orgelbrus! Orgelet er utstyrt med to manual og pedal, og har 23 stemmer. På eit slikt instrument kan ein organist framføra all musikk som er laga for kyrkjeorgel. I tillegg har orgelet noko som heiter MIDI. Med MIDI kan ein kopla til ekstra boksar som inneheld alle slags lydar. Det er for eksempel ikkje noko problem å få harpe, strykeorkester, hammondorgel osv. Dette er utstyr som ein kan skaffa seg etter kvart. Det er også råd å koma seg inn i orgelet med ein bærbar PC. Med den kan ein bl.a. endra romklang, bass og diskant. I det heile kan ein trygt seia at dette er eit svært inspirerande orgel både for organist og kyrkjelyd. Forskjellen mellom det gamle og det nye orgelet er enorm. Gamleorgelet står framleis urørt og minner om den tida då kyrkjelyden hadde eit orgel som gav enkel støtte til salmesongen. Reidar Algerøy
|