Trykk her for... Sjå nye bilete frå Husnes bedehus
si sone på ORIGO
>>>
Trykk
her for å finna
ein oversikt over døypte, vigde og gravlagde i Husnes prestegjeld. Du kan og
finna eit galleri med bilete av brudepar som har gifta seg i ei av kyrkjene
i Kvinnherad, eller som på ein eller annan måte har tilknytning til kommunen
vår.
Har du aktuelt stoff, t.d. eit arrangement e.l., du ynskjer å få med på sidene?
Ta kontakt med
redaktør for Husnes prestegjeld si webside: Jan-Ove
Fagerheim
Nytt og gamalt frå prestegjeldet:
Konfirmasjon 2011 Alle ungdommar som er fødde i
1996 fekk i vår tilsendt heftet "Konfirmant 2011" i posten. Her informerer
Den norske kyrkja om kva det vil seia å bli konfirmert. I Husnes og Holmedal
sokn vert det innskriving av neste års konfirmantar om kvelden onsdag 16.
juni. Klikk deg inn her for å finna datoar for konfirmasjonane våren 2011!
Bibel-markering i Holmedal kyrkje I Holmedal kyrkje på Utåker har ein m.a. ei utgåve
av Fredrik II's Bibel frå 1589. Bibelen har nyleg vore inne til
restaurering, og på søndag kan dei som ynskjer det koma i kyrkja for å få
vita meir både om denne bibelen og kunstskatten elles i kyrkja. Utåker
musikklag vert med, og Halvor Medhus vil fortelle oss om kunstskattane i
kyrkja.
To søkjarar til
soknepreststilling 29. januar gjekk søknadsfristen ut for den nye
soknepreststillinga i Uskedalen sokn og med Husnes og Holmedal sokn og
Uskedalen sokn som tenestestad. Det har meldt seg to søkjarar og tilsetjinga
skal skje i bispedømerådet 16. mars.
40 000 frå Husnes
til Haiti Helga som var hadde Kirkens Nødhjelp
bøsseinnsamling til dei katastroferåka på Haiti. Innsamlinga skjedde på og
ved Husnes Storsenter laurdag. Sundag var det gudsteneste i Husneskyrkja og
der gjekk takkofferet til arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer på Haiti
Julefest på Husnes bedehus GODT NYTT ÅR! Måndag 4. januar var det mange som
hadde teke turen på Julefest på Husnes bedehus. Det var speidaren,
søndagsskulen og SVUSH Barnegospel som inviterte til denne tradisjonelle
festen.
Utlysing av
prestestilling som sokneprest Som mange i kyrkjelyden
kjenner til, har kapellanstillingai Husnes og
Holmedalsokn stått ledig ei tid.I desse dagar vert den lystut på nytt,
men no somsokneprest i Uskedalensokn, med Husnes ogHolmedal og Uskedalensokn som tenestestad.
Det ukjende
Russland Steinar Harila vart vekt til
innsats for nokre år sidan då han fekk vita at ein russisk barneheim måtte
stenga pga pengemangel. I full fart skaffa han dei manglande pengane. Sidan
oppretta han stiftinga Hjelp til Russland (HtR). I vår var det
nokre her frå prestegjeldet som følgde ei av
hjelpesendingane hans.
Konfirmant-jubilantar hausten 2009 Dei to første søndagane i
oktober var det klart for konfirmant-jubileum i kyrkjene våre. Først ute var
Holmedal kyrkje der det møtte 10 jubilantar. Her møtte både 50-, 60- og
70-års jubilantar. På Husnes søndagen etter var det sytten 50-års jubilantar
som hadde teke turen. Bilete av jubilantane ser du her.
Julekonsertar Det er sjølvsagt høgsesong for
julekonsertar i kyrkjene våre. Her kan du sjå kven som er dei medverkande i
nokre av julekonsertane du kan få med deg no i adventstida.
Julekonsert med
"Voice Of Joy" i Valen kyrkje Laurdag 28. november kl 18.00
kjem gospelkoret ”Voice of joy” frå Haugalandet til Valen kyrkje for å gle
oss med ein julekonsert! Koret er eit av dei mest aktive kora i Norge. Med
turnear over heile landet, og i tillegg ei rekkje turnear i utlandet, så er
dette verkeleg eit av toppkora i Norge.
Kvinner med hatt! Fyrste torsdag i oktober
fyltes Valen kyrkje opp med muntre kvinner. Over 70 denne kvelden.
Kyrkjelydens kvinneforum hadde invitert til ein kveld der humor i kvardagen
var tema.
Humor i kvardagen! - Kom i hatt! På torsdag inviterer
Kyrkjelydens kvinneforum til ein kveld i Valen kyrkje der me ynskjer at
humor skal stå sentralt. Me har invitert kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark
frå Rosendal til å kåsera om ”Humor i kvardagen!” Slik me kjenner henne vil
me få høyra litt å le over og litt til ettertanke. Elles håper me at flest
mogleg tek på seg hatt denne kvelden...
Sprell levande
gudsteneste Søndag 13. september var det Familiegudsteneste i
Husnes kyrkje med utdeling av bøker til
4-åringane. Denne søndagen hadde og Husnes søndagsskule lagt oppstarten av
haustsemesteret til kyrkja. Leiarane for søndagsskulen fekk vise alle dei
frammøtte litt av korleis ein kan ha det på søndagsskulen.
Babysong i Husnes
bedehus hausten 2009 Etter vellukka ”prøvesang” 11.mai, vil vi satse på
ny frisk siste mandagen i august
kl 12.00 – 13.00! Då vonar vi at det blir mange små håpefulle som finn vegen
til
Husnes Bedehus i lag med mamma, pappa eller besteforeldre!
UNGDOM i Husnes
prestegjeld
Under Husnes prestegjeld er det no oppretta ei eiga side
som presenterer det kristne ungdomsarbeidet i prestegjeldet. I tillegg til
litt kort informasjon om dei tilboda som finnes kan du og finna linkar til
ulike artiklar om leirar og arrangement som har vore tidlegare år.
"Høyt og lavt" på
Action Siste veka i juni var 19 deltakarar og to
leiarar frå Kvinnherad i Bø i Telemark der me deltek på KRIK (Kristen
idrettskontakt) sin sommarfestival ACTION. Her var
me saman med meir enn 700 deltakarar og ca 260 leiarar.
Vigselsfrie
laurdagar sommaren 2010! Dei fleste laurdagane om sommaren er det høve til å ha
brudevigsel i kyrkja. Men i ferietida har kvart av prestegjelda i Kvinnherad
kommune tre laurdagar då det ikkje er høve til vigsel. Dersom de går med
planar om vigsel neste sommar, kan det vera verdt å merka seg desse datoane.
Den store valdagen Mandag 14. september
kan du røysta ved tre val i år - stortingsvalet, soknerådsvalet og
bispedømerådsvalet. Det er dei to siste vala det skal handla om her.Demokratiprosessen i Den norska kyrkja inneber at kyrkjevalet i haust
gjev deg som vel langt større påverknad
på kven som skal styra kyrkja i tida framover.
Fjellgudsteneste på Vardhaugselet Det har etterkvart blitt ein
flott tradisjon at det vert halde fjellgudsteneste oppe ved Vardhaugselet
ein søndag i juni. Denne søndagen kunne sokneprest Jan Ove Totland ynskje
velkommen til den 8. gudstenesta oppe ved det vakre selet som nokre
eldsjeler tok til å restaurere våren 2002.
Nattcaféen på Husnes bedehus Dei siste åra har Nattcaféen
skipa til eit rusfritt ungdoms-arrangement på bedehuset om kvelden 16. mai.
Tidlegare var det tradisjon at denne samling heldt til i kyrkja på Valen.
Eit 50-tals ungdommar tok turen oppom bedehuset på Husnes denne kvelden i
år.
Konfirmantar i
Husnes prestegjeld 2009 Vårens konfirmasjonar er for
lengst forbi. Første gruppe ut i Husnes prestegjeld dette året,
var konfirmantane i Holmedal. Dei vart konfirmert i Holmedal kyrkje søndag
3.
mai.
Søndag 24. mai var det
konfirmantane frå Husnes som sette eit
verdig punktum for konfirmasjons-året 2008/09.
Friluftsgudstenester sommaren 2009
Det er sommar og tid for friluftsgudstenester. Særleg på denne årstida
er det flott å kunna samlast om Guds ord ute i Guds frie natur. Her i våre
bygder har me ei rekkje slike samlingar som etterkvart har blitt ein
tradisjon.
Konfirmanthefte
til alle som er fødde i 1995 Alle ungdommar som er fødde i
1995 fekk for nokre veker sidan tilsendt heftet "Konfirmant 2010" i posten.
Her informerer Den norske kyrkja om kva det vil seia å bli konfirmert. I Husnes og Holmedal sokn vert det innskriving av
neste års konfirmantar om kvelden tirsdag 16. juni.
16.
mai-arrangement for ungdom Nattcaféen på Husnes bedehus
om fredagskveldane har dei siste åra samla bra med folk. Kvar fredag (så å
seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta
turen opp på bedehuset for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god
prat, andakt og song. No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF
inviterer nok ein gong til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og
oppover.
Sommaravslutning
for Hobbyklubben og Tito Tirsdagane er på mange måtar barna sin dag i Valen
kyrkje. Annakvar tirsdag er det Hobbyklubb for dei som er 5-9 år og deretter
TiTo for 5.-7. klassingar. Tirsdag 5. mai var det sommaravslutning for begge
desse klubbane. Her kan du sjå nokre bilete frå korleis dei hadde det på
avslutninga.
Søndagssamling og
våravslutning Søndag 26. april var det søndagssamling på Husnes
bedehus. Denne gongen kombinerte me søndagssamlinga med våravslutning for
både SVUSH og søndagsskulen på Husnes.
Her kan du lesa kva ein av leiarane i SVUSH og søndagsskulen, Britt Huse,
skriv på heimesida til Husnes søndagsskule...
Husnes bedehus
på nett Frå i vår kan du halda deg oppdatert om aktivitetane på
Husnes bedehus via internett.
Det er Tormod Sunde som har stått i spissen for dette prosjektet, og
nettsida til bedehuset er blitt til i samarbeid med Steinar Nilsen.
Babysong i Husnes
bedehus Baby og song høyrer saman!! Og som ei hjelp til
dykk som nett har gitt dåpsløftet,
vil vi prøve å starte opp med “BABYSONG” éin mandag i månaden, for dei
mellom 0-1 år. Første samling vert mandag 11. mai kl 12.00 - 13.00, opplyser
leiarane Marit Lindekleiv og Randi solheim.
Prostiprest Stein
Ove Skadal Fram til sommaren er Stein Ove Skadal tilsett som
prosti-prest i Sunnhordland prosti,
med hovudvekt på Husnes og Holmedal sokn. Dette med bakgrunn i at me står
utan kapellan for tida.
Bli med KRIK
Husnes på ACTION! ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i
Telemark; Sommarland, idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til
sommarens høgdepunkt for 22. år på rad...
ACTION går i år av stabelen 22.-26. juni, under mottoet "Høyt
og lavt". Her
skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg med Jesus som midtpunkt kvar
dag i ei lita veke.
Påskevandring med
barnehagane I vekene før påske har me dei siste åra invitert
dei to eldste årskulla i barnehagane til kyrkja for å delta på
påskevandring. Dei fleste barnehagane takkar ja til invitasjonen, medan ein
nokre stader har påskesamling i barnehagen med besøk frå kyrkjekontoret.
Først ut på påskevandring i år var Valen barnehage og Handeland
friluftsbarnehage.
Ein allsidig
praksis Fem veker no i vår var me så heldige å ha
teologi-studenten Kristian Kopperud (25) i praksis i
Husnes og Holmedal. Kristian budde dei 10 første åra av livet sitt på
Bømlo, før familien flytta til Sotra. Dei 5 første åra av studiet har
Kristian gått på NLA i Bergen, medan han no siste året har vore å finna på
Misjonshøgskulen i Stavanger.
Avskjedsgudsteneste for Torstein Aarthun Torstein Aarthun har slutta som kapellan i Husnes
og Holmedal sokn. Søndag 22. februar var det avskjedsgudsteneste i Valen
kyrkje. Sidan februar i fjor har Torstein hatt permisjon frå stillinga som
kapellan, og har jobba som HR-rådgjevar i kommunen.Torstein vert framleis
buande på Valen saman med kona Hildegunn og dei to borna deira, Bendik og
Anton.
Ny parkeringsplass
ved Husnes kyrkje Arbeidet med ny parkeringsplass ved Husnes kyrkje
har stått stille ei stund.
Formannskapet har gjort vedtak om at ein skal nytte 1,5 mill. av
ekstramidlar frå staten,
den såkalla “krisepakken” frå regjeringa til dette prosjektet. Saman med
tidlegare løyving
har ein då om lag kr 3.mill. til rådvelde.
Kirkens Nødhjelp,
Fasteaksjonen Takk for innsatsen! Tysdag 31.3. deltok konfirmantane i Husnes og
Holmedal sokn i Kirkens Nødhjelp
sin landsomfattande innsamlingsaksjon.
Dette er ein fast del av konfirmantopplegget
i vårt sokn.
Skulelaget på
Husnes ungdomsskule Sommaren 2007 var Tom André Olsen på KRIK sin
sommarfestival“Action” i Bø i Telemark. Her
traff han nokre ungdommar som hadde stand for Skulelaget. Dette førte til at
Tom André og tre venner starta kristent skuleungdomslag på Husnes
ungdomsskule året etter.
Skiweekend på Helgatun Dei siste åra er det mange ungdommar frå bygdene
våre som har delteke på Indremisjons-samskipnaden sin Skiweekend på
Helgatun. I år var det ca 30 kvinnheringar med på leiren! Elles var det
ungdommar frå Stord, Bømlo, Kvam og Voss som var med.
Konfirmantweekend
2009 Også dette året reiste konfirmantane i Husnes
prestegjeld til Brandøy på konfirmant-weekend. Fredag 9. januar møtte ein
spent gjeng opp på Husnes, der turen skulle gå vidare med buss under fjorden
og over Halsnøy, og deretter med ferje frå Sydnes til Utbjoa.
Kvinneforum:
Pilegrimsvandring
– ei vandring mot lykke? Torsdag 2. april kl. 1930 er det duka for
Kvinneforum i Valen kyrkje. Dette blir vårens einaste Kvinneforum. Så ta
beina fatt og og start ei kvinnevandring mot Valen kyrkje på torsdag.
I tillegg til andre vandrande kvinner vil du møta Sidsel Birkeland Skaar.
Mange kjenner henne frå tida ho arbeidde som sjukepleiar på Valen sjukehus
og helsesøster her i kommunen.
Vikarteneste i haust Sidan vi ikkje har fått ein fast vikar medan
kapellan Torstein Aarthun har permisjon,
er det fleire som vil ha vikarteneste i Husnes og Holmedal sokn denne
hausten.
Grøn rettferd!?
- Kvinneforum i Valen kyrkje torsdag 11.9.
Dei fleste tenkjer at denne sommaren har me hatt godt og lagleg vær. No
lakkar og lir mot haust. Me damene som styrer med Kvinneforum gler oss over
å invitera til nytt Kvinneforum i Valen kyrkje på torsdag 11. september.
Denne kvelden skal me ta for oss eit svært utfordrande og viktig tema. Me
har sett overskrift ”Grøn Rettferd.”
Action 2008 Siste veka i juni var 25 ungdommar og 2 leiarar
frå Kvinnherad på KRIK sin sommarfestival Action. KRIK, som står for Kristen
Idrettskontakt, blei stifta i 1981 og har over 300 lokallag rundt i Noreg,
blant anna på Husnes. Her kan du lesa om korleis Aleksander Espevik opplevde
denne action-fylte veka.
Ordning for
fastsetjing av gravferdstidspunkt Frå 1. september vert det for
prestegjelda i Kvinnherad innført ny ordning når det gjeld innmelding av
dødsfall og avtale om gravferd og gravferdstidspunkt. Fram til no har det
vore vanleg at pårørande og/eller gravferdsbyrå har teke kontakt med og
gjort slik avtale med presten.
Frå Utåker til
Etiopia
Ingvild Ølfarnes kjem frå fagre Utåker. No har ho gått eit år på
Fjellhaug bibelskule i Oslo,
men vegen går frå ein storby til ein annan, nemleg Addis Abeba i
Etiopia.
Her kan du lesa eit intervju med den unge misjonær-spira. Du kan og følge Ingvild på
bloggen hennar!!! >>>
Gud vil visa vegen vidare
Tone Synneve Myklebust Hellesøy tok til som kyrkjelydsmusikar i Husnesprestegjeld
1. januar 2007. Etter eitt og eit halvt år i teneste var det
avskjeds-gudsteneste for Tone Synneve i Valen kyrkje søndag 1. juni.
Grunnen til at ho slutta er samansatt.
Les intervju med Tone Synneve her.
Konfirmantar i
Husnes prestegjeld 2008 Vårens konfirmasjonar er for
lengst forbi. Første gruppe ut i Husnes prestegjeld dette året,
var Valen-konfirmantane. Dei vart konfirmert i Valen kyrkje søndag 27.
april.
Søndag 25. mai var det
konfirmantane frå Sunde og Herøysundet som sette eit
verdig punktum for konfirmasjons-året 2007/08.
Hobbyklubben på
Valen Inger Marie Saltnes (70) tok
til i hobbyklubben i 1976 medan Agnes Sætre (75) vart med eit par år seinare. Heilt fram
til i vår har dei hatt hovudansvaret for klubben som har samlingar for
5-9-åringar annakvar tirsdag kl 18-19 i Valen kyrkje.
Flott 16.
mai-arrangement for ungdom på bedehuset Om kvelden 16. mai var
60-70 ungdommar innom Nattcaféen sitt rusfrie "kvelden-før-dagen"-arrangement
på Husnes bedehus . Her kan du få eit lite innblikk i kva dei
frammøtte
fekk oppleva...
16.
mai-arrangement for ungdom Nattcaféen på Husnes bedehus
om fredagskveldane har dei siste åra samla bra med folk. Kvar fredag (så å
seie) kan ein koma saman til KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta
turen opp på bedehuset for å få med seg café, biljard, bordtennis, ein god
prat, andakt og song. No er det 16. mai som står for tur, og Husnes IUF
inviterer nok ein gong til rusfritt arrangement for ungdom frå 8. klasse og
oppover.
Sommaravslutning
for SVUSH Måndag 5. mai var det
sommaravslutning for SVUSH. Då var me mange som fylte opp Husnes Bedehus.
Ja, nærare 70 personar hadde møtt fram i det fine vår-været.
Ta gjerne turen innom SVUSH sin blogg
HER.
Konfirmanthefte
til alle som er fødde i 1994
Alle ungdommar som er fødde i 1994 får i desse dagar tilsendt heftet
"Konfirmant 2009" i posten. Her informerer Den norske kyrkja om kva det vil
seia å bli konfirmert. I Husnes og Holmedal sokn vert det innskriving av
neste års konfirmantar om kvelden tirsdag 17. juni.
Avslutningstur i
Tveitedalen Søndag 27. april inviterte
Holmedal kvardagsskule, saman med kvardagsskulen og Ving på Sandvoll og
Husnes søndagsskule, til avslutningstur i Tveitedalen. På programmet stod
både sporløp, grilling, song, andakt og leik.
Slepp kvinnene fri
– det er vår! Kva i all verda er dette for
ei overskrift? Jau, ho er sjølvsagt skriven i von om å fanga merksemd.
Fyrstkomande torsdag kveld ser eg for meg "eit tog" av muntre kvinner – med
vår i blikket, senka skuldre, svoltne og med kjappe fot-trinn – på veg til
Kvinneforum i Valen kyrkje!
Søndagssamling med
mini-konsert Søndag 20. april var det mange folk samla til
søndagssamling på bedehuset på Husnes.
Ca tre gonger i halvåret går indremisjonsforeningane i Husnes og Holmedal
sokn saman
om å arrangera desse familiesamlingane. Denne gongen var det annonsert med
mini-konsert av SVUSH Barnegospel.
Konfirmant-gåve
til Brandøy Dei siste åra har konfirmantane i Husnes og
Holmedal sokn reist til leirstaden Brandøy på konfirmant-weekend. For nokre
av konfirmantane har desse turane vore sjølve høgdepunktet i
konfirmant-opplegget. Då me var på weekend no i februar, kunne konfirmantane
nyte godt av ein stor aktivitetshall dei har bygd på Brandøy.
Salgsutstilling
for Kirkens Nødhjelp Tirsdag kveld inviterte kvardagsskulen på Utåker
til Salgsutstilling i Holmedal bedehus. Borna som samlast annakvar tirsdag
på bedehuset hadde laga flotte kunstverk som var til salgs for dei som hadde
møtt fram. Inntekta gjekk til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.
Musikalen "Ein
ledetråd for livet" Søndag 6. april var det klart for årets
samtalegudstenester i Husnes og Holmedal sokn.
Om formiddagen gjennomførte halvparten av konfirmantane ei ordinær
gudsteneste i Husnes kyrkje, medan resten av konfirmantane om ettermiddagen
framførte musikalen "Ein ledetråd for livet" i same kyrkja.
Bli med KRIK
Husnes på ACTION! ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i
Telemark; Sommarland, idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til
sommarens høgdepunkt for 21. år på rad...
ACTION går i år av stabelen 23.-27. juni, under mottoet "Ekte glede". Her
skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg med Jesus som midtpunkt kvar
dag i ei lita veke.
Ein takksam og
audmjuk prisvinnar Dei siste åra har det blitt ein tradisjon at
prosten i Sunnhordland inviterer til nyttårs-mottaking i Nysæter kyrkje på
Stord. Så også i år. Tema for årets samling var diakonalt arbeid. Marta
Kroka frå Kaldestad var beden om å ha eit innlegg for å dela ulike
erfaringar
frå det kristne arbeidet blant innvandrarar på Husnes.
Påskevandring med
barnehagane I vekene før påske har me i Husnes og Holmedal
sokn dei siste åra invitert dei to eldste årskulla i barnehagane til kyrkja
for å delta på påskevandring. Først ut på påskevandring
i år var Valen barnehage. Her kan du sjå nokre bilete
frå vandringa me hadde med dei tirsdag 4. mars.
Human-etikaren som
vart prest Denne veka har me fått ein ny medarbeidar på
kyrkjekontoret på Husnes. May Ingunn Thorleifsdotter skal vera 5 veker i
stiftspraksis i Husnes og Holmedal sokn. Ho går inn som vikar for Torstein
Aarthun som har eitt års permisjon.
Konfirmantweekend
på Brandøy Konfirmantar frå Husnes og Holmedal sokn var i
helga på Brandøy. Fredag vart det i alt innkvartert 61 konfirmantar og 14
leiarar, som såg fram til ei flott helg på leiren.
Skiweekend på Helgatun Helga 8. - 10. februar reiste ca 40 ungdommar og 3
leiarar frå Kvinnherad til Helgatun på Skiweekend. Her kan du lesa litt om
korleis med hadde det, og sjå bilete frå leiren.
Saman i lovsong i Valen kyrkje
- lørdag 10. november
Harald Myklebust frå NLA lærerhøgskulen på Breistein i
Åsane gjorde lørdag ettermiddag
og den annonserte lovsongssamlinga i
Valen kyrkje til noko heilt spesielt. Vi fekk innblikk
i livet og
diktinga
til ein forfattar som hadde eit tøft utgangspunkt for livet då han vart
fødd
for 150 år sidan.
Saman i lovsong i Valen kyrkje På grunn av for få påmeldingar må vi dessverre
utsetje korseminaret med Harald Myklebust
i Valen kyrkje som skulle vere no i november. Vi vil likevel ynskje alle
hjarteleg velkomne til «Saman i lovsong» laurdag 10. november kl 17.00 i
Valen kyrkje, der Harald Myklebust blir med som engasjerande allsongleiar og
inspirerande kåsør.
NattCUP i innebandy Vel 300 ungdomar møtte opp i Husneshallen laurdag
27. oktober for å få med seg årets NattCUP i innebandy. Det var sjette året
på rad at KRIK Husnes inviterte til ei slik storsamling, og det vart ei
strålande natt med mykje smil og latter, sveitte og engasjement.
Feiende flott Familiekonsert i
Kulturhuset Familiekonserten på Husnes lørdag 27. oktober ble
en stor opplevelse for alle de 150 barna i prosjektkoret, så vel som for
stolte foreldre, søsken og besteforeldre. I alt 550 var samla til en
fengende barnegospelopplevelse denne ettermiddagen, og arrangøren kunne
glede seg over et nærmest fullsatt kulturhus.
Sprell levande gudsteneste! Hausten er tid for utdeling av
bøker til 4- og 6-åringane i Husnes prestegjeld. Siste søndag i september
var det 4-åringane på Husnes som hadde fått invitasjon til å koma i kyrkja
og få denne gåva frå kyrkjelyden.
Bli med på tur med Sjømannskirken! Kvart år arrangerer
Sjømannskirken, i samarbeid med Si-Reiser, ulike turar rundt om i verda. I
mai har du ein unik mulighet til å oppleva USA på nært hald. Eller kva seier
du til: 17. mai fest i Houston Texas, Jazz / blues i New Orleans, ein tur
med hjulbåt på Mississippi, swamp-tour for å besøke krokodillar m.m.?
«Kor i Kvinnherad» og andre
korister - er dere her? Vi vil ønske alle glade korsangere hjertelig
velkommen til å være med på et nytt korprosjekt med dirigent og inspirator
Harald Myklebust. Han vil i tillegg til å dirigere koret også formidle
fortellinger bak sang- og salmeskatten vår.
Til Austevoll på babysong-kurs I byrjinga av september var me ein gjeng frå
Kvinnherad som drog til Austevoll for å læra oss meir om babysong.
Kanskje resultatet av kurset kan verta at me kan ta til med babysong her i
vår kommune og?
Ny medarbeidar på heimebane Staben på Husnes kyrkjekontor har vokst litt denne
hausten. Ingrid Marie Hellås er frå Sandvoll og går 2. året på Bibelskulen
Bildøy. Eit år kor omlag 70 % er praksis og 30% er undervisning. Praksisen
har ho i Husnes og Holmedal sokn.
Speidarar på Husnes Husnes KFUK-KFUM-speidarar
er ei middels stor speidargruppe som held til på Husnes. Kvar tysdag samlast
vi på Husnes Bedehus. Gruppa har både småspeidarar (3. - 5. klasse) og
storspeidarar (6. - 9. klasse). Leiarane for speidargruppa er Per Ølfarnes
og Torstein Fykse, samt fleire hjelpeleiarar.
Camino de Santiago Draumen og tanken har vore der lenge. Let det seg
gjera for oss å gjennomføra den lange vandringa mot Santiago de Compostela?
Bli med Manolita og Kjell Sigbjørn Røssland på pilgrimsvandring i Spania!
Friluftsgudsteneste på gammal grunn På Utåker ligg det nokre gamle kyrkjemurar. I
gamle dagar stod ikkje kyrkja like ovanfor ferjekaien der du finn ho i dag;
kyrkja låg eit par kilometer lenger inne i bygda, oppe i Holmedal. Éin gong
om året plar ein samlast til friluftsgudsteneste på denne gamle
kyrkjestaden.
Full pakke på Action Siste veka i juni var 30 ungdommar frå KRIK Husnes saman
med meir enn 1000 andre
ungdomar på sommarfestivalen Action, på Bø camping. I år var det 20. gang
KRIK (Kristen idrettskontakt) arrangerte ein slik festival.
KRIK Husnes
dreg til Action Mandag 25. juni dreg ein sprudlande gjeng med
ungdommar frå KRIK Husnes til Bø i Telemark for å vera med på KRIK sin
sommarfestival ACTION. 29 ungdommar og 3 leiarar set seg i to minibussar og
suser avgårde over fjellet.
Skaparverkets
dag Tradisjonen tru var det friluftsgudsteneste i
Husnesparken sist sundag. Og tradisjonen tru var ramma omkring ei slik
gudsteneste den flottaste ein kunne ynskje seg, med blå himmel, grønne
plenar og blankt vatn.
Storslått
korsang i Holmedal kyrkje Søndag 3. juni fekk forsamlinga i Holmedal kyrkje
besøk av Bremnes Kantori, og det blei
ei stor oppleving for den trufaste kyrkjegjengaren og dei andre som hadde
tatt vegen til kyrkje denne dagen. I liturgi og allsong var det som vi hadde
englesangforsterking, og i songinnslaga fekk vi ein aldri så liten glimt av
himmelen.
Bremnes
Kantori til Holmedal Førstkomande søndag kjem Bremnes Kantori til
Kvinnherad. Dei er omlag 40 gode songarar, og kantor i Bremnes kyrkje,
Jostein Molde, er dirigent. Før dei skal gje konsert i Kvinnherad kyrkje,
vil dei vere med på gudstenesta i Holmedal.
Konfirmantar i
Husnes prestegjeld 2007 Mai er høgsesong for konfirmasjon. Første gruppe
ut i Husnes prestegjeld dette året,
var Husnes-konfirmantane. Dei vart konfirmert i Husnes kyrkje søndag 29.
april.
Søndag 20. mai var det konfirmantane på Valen som sette eit verdig punktum
for konfirmasjons-året 2006/07.
Ein strålande 16.
mai-kveld Om kvelden 16. mai var nærare 100 ungdommar innom
Nattcaféen sitt rusfrie "kvelden-før-dagen"-arrangement på Husnes bedehus.
Her kan du få eit lite innblikk i kva dei frammøtte
fekk oppleva...
16.
mai-arrangement for ungdom Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane
samlar for tida mykje folk.
No er det 16. mai som står for tur, og Husnes
IUF inviterer til rusfritt arrangement for
ungdom frå 8. klasse og oppover.
I år vert det besøk frå Guatemala.
Konsert med
mannskoret "MANNA" i Valen kyrkje På laurdagskvelden vert det ei flott
korsongoppleving i Valen kyrkje. Mannskoret Manna frå Bergen er på ein
miniturné i Sunnhordland, og dei vil vitja Kvinnherad med denne konserten.
Avslutningstur
i Tveitedalen Søndag 29. april var det avslutningstur for store
og små i Tveitedalen på Utåker. Det var Sandvoll og Holmedal Kvardagsskule,
i lag med indremisjonsforeningane i bygdene, som arrangerte turen.
Samtalegudsteneste i Husnes kyrkje Søndag 22 april var det felles samtalegudsteneste
for alle konfirmantane i Husnes og Holmedal sokn. Vi var saman i Husnes
kyrkje, og konfirmantane stod denne dagen for
det meste av gudstenesta.
Ny alterduk i
Husnes kyrkje I påsken vart det teken i bruk ein ny alterduk i
Husnes kyrkje. Den gamle var etter kvart slitt og tida var inne for å skifte
den ut. Dette hadde også Marit Elisebet Totland sett og ho bestemte seg
difor for å sy ein ny duk til kyrkja.
Felleskristen Barnelederkonferanse i Oslo Vi var tre spente, ivrige og oppglødde damer som
reiste fra mann og barn denne helga, og vi var tre inspirerte, ivrige og
oppglødde damer som kom hjem igjen til mann og barn etter en fantastisk
flott opplevelse!
”Søndagsskulepresten” er blitt pensjonist ”Sjå, der er søndagsskulepresten” ropa ei
barnestemme då Magnus kom gåande på eit av sentera på Husnes. Eigentleg er
det ein flott tittel å ha, seier Magnus med eit smil om munnen. Eg treff han
heime i stova. Jau, eg har vore søndagsskulelærar ei tid, men eg slår nok
ikkje onkelen min, seier han.
Tomasmesse i
Holmedal kyrkje Søndag kveld inviterer Husnes og Holmedal sokn til
Tomasmesse i Holmedal kyrkje.
Dette er ei gudstenste med mykje allsong, og under Tomasmessa har vi ei
avdeling
der kyrkjelyden kan bevege seg omkring i kyrkjerommet.
Skiweekend på Helgatun Dette året har det vore ein nokså sur vinter her i
Sunnhordland, med mykje regn og tunge dagar. Difor var det ekstra gledeleg
med nokre flotte solfylte vinter-dagar då 28 ungdommar
og 3 leiarar frå KRIK Husnes og Ope Hus på Valen drog til Helgatun på
Skiweekend andre helga i februar.
Verdig
avslutning i kyrkja Dei som valde å tilbringe noko av kvelden i Husnes
kyrkje søndag 11. februar, fekk høyre og sjå mykje flott! Inkludert alle
korsongarane var i alt 100 menneske samla denne kveldsstunda.
Konfirmantar på Roadservice Fyrste fredagen i februar var konfirmantane i
prestegjeldet vårt invitert til Etne på besøk
til konfirmantane frå Etne og Skånevik. Det vart ein kveld mange vil hugse.
Konfirmantweekend til Brandøy Også dette året reiste konfirmantane i Husnes
prestegjeld til Brandøy på konfirmantweekend. Fredag 19. januar møtte me opp
på ferjekaien på Sunde. Turen skulle gå over Halsnøy der me tok ferje vidare
frå Sydnes til Utbjoa.
Eg gler meg Tone Synneve Myklebust Hellesøy er tilsett som ny
organist i Husnes og Holmedal sokn.
Ei teneste ho starta på den fyrste dagen dette året. Eg møter henne ved
Husnes kyrkje ein
av hennar fyrste arbeidsdagar i januar. Vinden bles, og vi søkjer ly i
kyrkja, her er det i det minste vindstille.
John Inge på CD På byrjinga av 90-talet hadde me i Husnes
prestegjeld fleire såkalla “eitt-åringar” hos oss.
Dette er ungdommar som ynskjer å smake litt på det å vera barne- og
ungdomsarbeidar i misjonen. Skuleåret 1990/91 var det ein ungdom frå Sagvåg
på Stord som var eittåring i bygdene her. John Inge Rolfsnes heitte han, og
du kunne svært ofte treffe han og gitaren hans på eit av bedehusa her eller
i kyrkja på Valen.
Presten si jul "Little julaftan er dagen for å få huset reint
og pynta til jul. Støvsuging og golvvask brukar
å vere mitt ansvar, men eg organiserar det gjerne som ein dugnad med neste
generasjon."
I år har me bede sokneprest Jan Ove Totland seie nokre ord om korleis dei
feirer
julehøgtida i heimen deira.
Frå Myrane med gull,
røykjelse og myrra – Der kjem den kongelege hoffreportaren! seier
han som står for innskrivinga i manntalet i sakristiet i Husnes kyrkje torsdag
føremiddag. Kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim har utstyrt seg med kappe i
gilde fargar og ei stor manntalsbok, og har besøk av ei gruppe frå Myrane
barnehage.
Ole Agnar takkar for seg I November takka Ole Agnar Helland av som organist
her hos oss. Til Kvinnherad kom
han fyrst som organist til Fjelberg og Eid sokn, men etter kvart vart
stillinga utvida til
også å gjelde Husnes og Holmedal sokn.
HaustCUP i innebandy -
ein formidabel dugnadsinnsats Første laurdag i november var
nærare 300 ungdommar samla i Husneshallen til KRIK Husnes sin årlege
HaustCUP i innebandy. 19 lag med til saman 98 spelarar kjempa i tre klassar
om dei gjevaste plasseringane. Men ein HaustCUP er så mykje meir enn berre
innebandyspel.
Tomasmesse i Valen
kyrkje Éin gong i halvåret
inviterer me til Tomasmesse i Husnes prestegjeld. Søndag
29. oktoberskal denne gudstenesta,
som er felles for heile prestegjeldet,
vera i Valen kyrkje...
90-års fest på Sunde I år var bedehuset på sunde 90 år, og
det måtte feirast. 24. september var det stor misjons-fest i bedehuset. Vi
samlast i ein festpynta sal der alle plassar var fullsett. Per Kjerpeseth
var festleiar og yngste velkommen...
Kvinneforum i Valen
kyrkje Forrige semester hadde vi to flotte
temakveldar for damer i alle aldrar i Valen kyrkje.
I haust vert det 2 nye temakveldar som vi har forventningar til.
Kyrkjelydsutval I drøftingane omkring samanslåing av
Husnes og Holmedal til eitt sokn, var ein idè at kvar kyrkje kunne ha sitt
kyrkjelydsutval. Kyrkjelydsutvalet vil ha eit særskilt ansvar for si eiga
kyrkje. I utvalet kan det vere 3-4 personar, og det skal ha nær kontakt med
soknerådet.
Ei lita soge om
Landsleiren på Røros Husnes-speidarane har trena og
førebudd seg på landsleir i lengre tid. Dei 6 speidarane frå Husnes-gruppa
veit no godt kva landsleir er, men det er ikkje sikkert at du som ikkje er
speidar veit så mykje om dette. No skal me lose deg gjennom dette fargerike
og underlege som heiter landsleir sett med speidarauger.
Action-fylte dagar i
Bø Siste veka i juni var 17 ungdommar frå Kvinnherad samla på KRIK sin Action-leir i Bø i Telemark. – Det kjekkaste er å
treffa så mange folk, seier Elisabet Totland frå Husnes. 930 deltakarar
er i aktivitet frå morgon til kveld under Action-leiren til KRIK (Kristen
Idrettskontakt)Onsdagen braut sola gjennom skylaget for fullt etter ein
relativt våt start på leiren.
Opprusting av vegen
til Holmedal gamle kyrkjegard Våren 2005 tok Holmedal sokneråd opp
tanken om å få rusta opp den gamle vegen frå krysset oppe i Holmedal og ned
til den gamle kyrkjegarden. I tida etter dette er det gjort nødvendige
avtalar...
Gudstenester i
pinse-helga I pinsehelga vert det som vanleg
gudsteneste i alle tre kyrkjene i prestegjeldet. På Husnes får me besøk av
Sysle blandakor frå Åmot, medan ein etter familiegudstenesta på Valen kan
vera med på grilltur til Feto i Handelandsdalen.
Kino-aktuell: Da
Vinci-koden I boka, og filmen, "Da Vinci-koden"
av Dan Brown er "forskaren" Teabing ein av hovudpersonane. Han seier at
keisar Konstantin samla inn og brant evangelieskriftene om Jesus som var i
omløp kring år 300. Ifylgje romanen og filmen vart fleire av desse funne på
1950-talet, nemleg dei såkalla Dødehavsrullane. Men Dødehavsrullane, oppdaga
i 1947, inneheld ingen evangelietekstar. Dei vart nemleg skrive før Jesus
vart fødd!
Slekters gang Frå byrjinga av mai kan du finna
"Slekters gang" under Husnes prestegjeld sine sider.
Her vil det vera ein
oversikt over døypte, vigde og gravlagde i prestegjeldet.
Du vil og finna eit galleri med bilete av ein del av dei som har gifta seg i kyrkjene våre.
Ta ein kikk på desse nye sidene!
Trulovingstida er
over... Alle som hadde møtt opp på
gudsteneste i Valen kyrkje første sundagen i mars vart høgtideleg ynskt
velkomen til bryllaupsfest. Sokneprest Jan Ove Totland nytta dette biletet
frå kvardagen for å illustrera det ein denne dagen skulle markera; Dei to
sokna i Husnes prestegjeld har frå 1. januar d.å. teke steget fullt ut og
blitt eitt sokn; Husnes og Holmedal sokn.
Årsmelding for Husnes
sokneråd 2005 Frå 1. januar i år er dei to sokna i
Husnes prestegjeld slått saman til eitt sokn,
Husnes og Holmedal sokn. Her kan du lesa litt om aktiviteten som har vore i
Husnes sokneråd i 2005.
Halvor Medhus har
slutta Ved nyttår var det fem år sidan
Halvor Medhus slutta som sokneprest i Husnes og gjekk over til å gjere
vikarprest-teneste i Sunnhordland prosti; fyrst som prostiprest, men seinare
fekk han tittelen seniorprest. I denne tida har han gjort teneste i alle
prestegjelda i Sunnhordland, men mest i Stord, Fitjar, Etne og prestegjelda
i Kvinnherad.
Kvinne med glede
Torsdag før advent vart kvinneforum arrangert for
fyrste gong i Valen kyrkje.
Temaet for kvelden var det Marit Elisebet Totland som stod for. Og vi omlag
40 damene
som var der fekk oppleve eit engasjerande foredrag.
Inspirerande dagar på
Husnes 17.-19. juni
var indremisjonsfolk frå Sunnhordland, Hardangar og Voss samla til
krinsårsmøte i Indremisjonssamskipnaden. Dette året var det Husnes som var
vertskap for denne årlege storsamlinga.
"Guds kyrkje lysa
skulle, som høgt på berg ein stad..." Slik song
dei, alle som hadde teke turen til Vardhaugselet på fjellgudsteneste om
ettermiddagen søndag 5. juni. Strofa frå eine verset av "No livnar det i
lundar"
vart konkretisert ved at Guds kyrkje denne dagen var samla
høgt på berg ein stad.
Fjellgudsteneste
Vardhaugselet Ein tur til Vardhaugselet
er å anbefale for alle som har høve til det, og spesielt er du
velkomen søndag 5. juni kl 14.30. Då vert det fjellgudsteneste oppe ved
det gamle selet for tredje år på rad.
"Kor i Kvinnherad"
syng under
Indremisjonen si
storsamling på Husnes Til sommaren skal Husnes vera
vertskap for Indremisjonssamskipnaden sitt Årsmøte, som vert rekna som
indremisjonen si årlege storsamling. Helga 17.-19. juni vert det ulike
tilstellingar både i Kulturhuset, i Husneshallen og på Husnes bedehus. På
nokre av desse samlingane vil du kunna høyre eit heilt nystarta kor, "Kor i
Kvinnherad".
Konfirmant-musikal i
Kulturhuset: Luther ville likt det Gjennom
den halvtimes musikalen Ein ledetråd for livet føretok dei vel 60
konfirmantane i Husnes prestegjeld søndag ettermidag ei grundig oppsummering
av det som er pensum til konfirmasjonen: Luthersk lære i ei verdsvid kyrkje.
"Kor i Kvinnherad" Er du ein av dei mange som ynskjer
å synge i kor -
men så er det litt vanskeleg for deg å vera med på noko fast,
t.d. kvar veke eller annakvar veke? Då må du lesa vidare her...!
Tomasmesse i Holmedal
kyrkje Éin gong i halvåret
inviterer me til Tomasmesse i Husnes prestegjeld. Søndag
20. februarskal denne gudstenesta,
som er felles for heile prestegjeldet,
vera i Holmedal kyrkje på Utåker...
Konfirmant-weekend
2005 Til våren er det 67 ungdomar som skal konfirmera seg i
kyrkjene i Husnes prestegjeld. For fjerde
år på rad reiste me på konfirmant-weekend til Brandøy,
ein leirstad på Bjoa i Ølen kommune. Av dei 67 konfirmantane
var 51 stykker med på turen i helga. Og det vart ei flott helg...
Ny messehakel i
Holmedal kyrkje
Med til prestedrakten høyrer i visse høve også
messehakelen. I utgangspunktet skal det vere messehaklar i alle dei
liturgiske fargane i kvar kyrkje. Så er ikkje alltid tilfelle, og ein har
m.a. sakna ein grøn messehakel i Holmedal. No er den komen, og i haust vart
denne tatt i bruk.
”Et ungdomsliv er skjønt som morgenrøden” Den årvisse festen i
Kaldestad ungdomsforening er halden, med snittar og kringler og lefser. Og
ord til ettertanke. Ungdomsforeininga på Kaldestad på Husnes er nok den i
landet med høgast gjennomsnittsalder, men enno ei av dei sprekaste.
Barnekunst vert til hjelp
for barn i Russland På Utåker har dei
søndagsskule midt i veka, difor kallar dei det kvardagsskule. Annakvar
tirsdag møtes 10-12 barn på bedehuset til bibelforteljingar, song og
aktivitetar. Og så har dei gratis utlodding kvar gong. På samlingane står
det og ei firkanta pengebøsse framme.
Her kan barna vera med og hjelpa barn i andre land.
Konsert
for adelsmenn Om lag
tretti personar hadde funne vegen til Husnes kyrkje torsdag 28. oktober. Der
fekk dei oppleva pianisten Rune Alver, som med innleving og personleg
uttrykk formidla Bachs Goldbergvariasjonar. Men denne konserten var ikkje
berre for øyra, den var òg for auga.
Søndagssamling
for heile familien "En skulle vøri fire år i
romjul’n..." syng vi ved juletider. På søndag var det mykje song
på Husnes bedehus, sjølv om det ikkje er desember. Og så var det om å
gjera å vera 5 år!
Kvifor det? Jo, i barnegospel-koret Svush er det 5 års grense for å bli
med...
Ein
majestetisk avskjed Under gudstenesta i Husnes kyrkje
søndag 3. oktober vart det markert at Nils Gunnar Røssland har slutta
som organist og kantor i Husnes prestegjeld. Røssland har vore organist
heilt sidan Husnes vart eige prestegjeld i 1969. Etter 35 år i tenesta
var det sjølvsagt mange kjensler i sving på ein dag som denne. Siste
halvdel av gudstenesta sat Røssland ved orgelet, og det var ei spesiell
oppleving for mange i kyrkjelyden å høyra postludiumet, den majestetiske
"Gavotte" av Samuel Wesly.
Husnes
og Holmedal, eitt eller to sokn?
Det har dei siste åra vore ei drøfting omkring spørsmålet om ein
skulle slå saman Husnes og Holmedal til eitt sokn. Før siste
soknerådsval reduserte ein talet på medlemar i Husnes sokn til seks og i
Holmedal til fire for at det skulle vere eit høveleg stort råd med tanke
på sams soknerådsmøte. Spørsmålet er no:
Sommaren
er høgsesong for bryllaup Kyrkja er pynta til fest. Ei
forventningsfull summing høyres i kyrkjerommet. Alle dei frammøtte har
teke på seg finstasen – i dag er ein gledens dag! Organisten byrjar å
spela, folk kjem til ro, og dei store dørene i kyrkja vert opna. Synet av
brura som kjem høgtideleg gåande inn midtgongen framkallar ei god
blanding av smil, tårer og ein klump i halsen.
Det er bryllaup i Husnes kyrkje...
Bibelen
med på biltur... Du skal køyre langt i sommar om du skal rekke
å høyre heile Lydtestamentet. Men at Ordet vert levande på ein ny
måte, er heilt sikkert. Det er ikkje sikkert at Bibelselskapet hadde
tenkt at du skulle lesa Bibelen i ein ferievarm ferjekø til sommaren. Men
no let det seg altså gjere, og det er absolutt til å anbefale.
Med
Norefjell og himmelen som altartavle
Søndag 13. juni inviterte Husnes kyrkjelyd til friluftsgudsteneste
i Husnesparken for
11. gong. Sokneprest Jan Ove Totland påpeika
innleiingsvis at i løpet av dei 10 åra
ein har hatt denne gudstenesta
har ein aldri måtta røma innomhus pga været.
Endeleg
konfirmert Etter ein tentamen i juni treff eg to av dei som for ein knapp
månad sidan vart konfirmert i Husnes kyrkje. Vi et is før vi går bort
til kyrkja dei vart konfirmerte i. Vi skal snakke litt om konfirmasjonen.
Både om dagen og om førebuingane.
Konfirmantar
i Husnes prestegjeld 2004 23. mai var det konfirmasjon i Valen kyrkje, og dermed var alle
fem konfirmasjons-
gudstenestene unnagjort for i år. Her kan du finna bilete av alle
konfirmantane dette året.
Konfirmanthefte til alle som er fødde
i 1990 Alle ungdommar som er fødde i 1990
får i desse dagar tilsendt heftet "Konfirmant 2005" i posten. Her informerer
Den norske kyrkja om kva det vil seia å bli konfirmert.