Oppdatert/endra
09.09.2010



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes tenesteområde
Startside

Ny prest med store forventningar

Klikk på bilete for full storleik
Ole Kristian Due saman med Svein Arne Theodorsen,
prost i Sunnhordland.

Klikk på bilete for full storleik
Ole Kristian Due tala over teksten
frå Salme 32

Prost Svein Arne Theodorsen i Sunnhordland prosti helsa velkomen og soknerådsleiar Møyfrid Kristoffersen las opp innsetjingsskrivet frå fungerande bisp i Bjørgvin Per Barsnes. Ole Kristian Due har utdanning frå Misjonshøgskulen i Stavanger. Prosten helsa med eit engelsk ord: Ei dobbel lytting. Med det ville han sei til Due at han i si prestegjerning skulle lytta til Guds ord, men og til det som kjem fram i kyrkjelyden. Det gjeld å ha gode lyttepostar og vera lydhøyr for det som vert sagt av born, vaksne, på bensinstasjonen og i båthamna.

Due tala over teksten frå Salme 32 som tek til slik: Sæl er den som får sine synder tilgjevne.
Det var ei klar og overtydande preike om det vonde samvitet og trøyst og Guds tilgjeving.
Han understreka den rettferdige Gud for undertrykte og utstøytte i samfunnet.

Røysterett for alle, med sin dirigent Maria Malmsten, framførte Bruremarsj frå Østerdalen, Petter Dass-salmen Herre Gud ditt dyre namn og æra, utdrag frå Mariamusikken og Ave verum av Edvard Elgar. Ave verum vart framført med tonefylgje frå organist Peter Couzens.

Etter gudstenesta var det festsamkome i Valen kyrkje.

Tekst og foto: Kristian Olav Bringedal
først publisert på www.uskedalen.no


 

Hit Counter