Oppdatert/endra
19.08.2010



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.


Fleire artiklar...
Til Husnes tenesteområde
Startside

”Helt fri” på Action


Ein flott gjeng med ungdommar frå Kvinnherad på KRIK-leir!


Siste veka i juni var nesten 1000 ungdommar frå heile landet samla til ”Action” i Bø i Telemark. Mellom desse var det 25 kvinnheringar. I 22 år har KRIK (Kristen Idrettskontakt) arrangert denne leiren, som er ei god blanding av idrett, musikk og Jesus.


Under mottoet ”Idrettsglede + trosglede = livsglede” har KRIK heilt sidan starten i 1981 arbeidd for at ungdom skal få oppleva ein arena der idrett og aktivitet kan få gå hånd i hånd med ei kristen tru. Det starta i det små, og i dag har KRIK meir enn 13.000 medlemmer fordelt på meir enn 300 lokallag rundt om i landet vårt. På Husnes finn du eitt av desse. KRIK Husnes har samlingar i gymsalen ved Undarheim skule om fredagskveldane. Om sommaren har ein i fleire år, heilt sidan midten av 90-talet, lagt turen til Bø og Sommarland.
 
To av deltakarane i år er Renate Røssland (16) frå Sunde og Linda Rogne (15) frå Herøysundet. Begge er på Action for andre året på rad.
- Action er ein kul leir for alle ungdommar, både kristne og ikkje-kristne.
Me ligg i telt på ein campingplass berre 500 m frå Badeland. Om dagane er me på ulike aktivitetar. Det er veldig gøy og spennande – og me blir kjend med mange nye venner.

Møtene som er i eit stort sirkustelt morgon og kveld, er både kule og spennande i følge dei to veninnene.
- Masse song og flinke musikarar. Og dei som snakker er unge folk som fortel om Jesus og kristendommen på ein måte som me ungdommar forstår. Dei snakker vårt språk på ein måte.
 

Renate og Linda saman med
to av leiarane på leiren.

Deltakarane på Action vél på førehand éin av 30 aktivitetar dei får instruksjon i over 3 dagar. Både Renate og Linda har dette året vore med på ”59o Bø” som er ein slags variant av 71o Nord. Her fekk dei vera med på mange ulike utfordringar.
- Første dagen starta me med noko som blir kalla ”Teambuilding”. Me var med på ulike aktivitetar der me måtte samarbeide best mulig for å vinne, seier Renate.
- Eine dagen hadde me ei hinderløype der me m.a. skulle krype gjennom gjørme. Laget fekk eitt ekstra poeng for alle som dukka ansiktet heilt ned i gjørma, fortset Linda.
- Det var kult! Seier begge i kor, og smiler. Det er tydeleg at dei trives på leiren som dei altså reiste første gong på i fjor.
- Me fekk høyra om Action gjennom Nattcaféen sine samlingar på bedehuset på Husnes. Det er gøy når me er ein heil gjeng som reiser ilag frå Kvinnherad. Me har det f.eks veldig sosialt om kveldane når dei lokale ledarane våre enten griller pølser, steiker pannekaker eller koker suppe.

Både Renate og Linda ønsker å trekke fram det gode miljøet dei opplever dei får vera ein del av på Action.
- Alle seier liksom hei og er så smilande i møte med kvarandre. Ingen ignorerer deg, og det er veldig lett å bli kjent med nye folk.
Årets motto for leiren var ”Helt fri”, og nettopp det synes både Renate og Linda passer godt. For på Action kan folk føle seg fri og berre vera den dei er!

JoF
 

www.krik.no kan du ta ein kikk på filmar frå Action tidlegare år.
KRIK har og ei Facebook-side der dei legg ut bilder og filmar frå leirane sine.
 

Her kan du lesa korleis ungdomar frå KRIK Husnes har opplevd denne action-fylte veka tidlegare!
2003   -  2006  -  2007  -  2008 - 2009

Her kan du sjå eit foto-galleri frå turen!
Det finnes 50 bilete i galleriet! Bla deg framover med piltastane! Eller trykk her for å sjå alle bileta i miniatyr!

 
.

Hit Counter