|
|
|
|
|
Oppstart av Open
barnehage i Husnes bedehus |
|
|
|
Like sikkert som skulestart, er oppstart av Open barnehage i Husnes Bedehus! Og etter ein lang, litt fuktig sommar, kan det vere godt å kome i seget igjen! Husnes Indremisjon er eigar og driv Open barnehage, som har opningstid frå 10.00-14.00 mandag til torsdag. Barnehagen har utvida kristen førmålsparagraf, og legg vekt på å formidle ”den glade bodskap” på ein positiv måte! Ei enkel songstund høyrer med kvar dag! Opplegget elles er også enkelt, og legg vekt på trivsel og leik i lag med borna, men har også fokus på at dei vaksne skal få nye og trivelege relasjonar! Tilbodet er for førskuleborn i fylgje med ein vaksen. Kvar vaksen kan ha med inntil 5 barn. Frammøte er heilt uforpliktande frå dag til dag, og betaling (kr.30,- pr barn pr dag) skjer kontant frå gong til gong. Alle tar med niste og drikke. Vi vonar at mange ”gamle” og ”nye” brukarar vil finne vegen til ”Open barnehage” også denne hausten!
Marit Lindekleiv |
|
|