16. mars vart Kristian Due tilsett som sokneprest i Uskedalen sokn,
med Husnes og Holmedal sokn og Uskedalen sokn som tenestestad. Saman
med kona og sonen har han busett seg
i prestebustaden på Valen
og tek til i
stillinga no i august.
Kristian Due er 26 år og
gift med Ragnhild frå Vaksdal utanfor Bergen. Saman har dei sonen
Per Kristian på snart 1 år. Kristian er opprinneleg frå vakre
Hamarøy i Nordland. Han budde ei stund i Molde under oppveksten.
Etter vidaregåande skule jobba han i Bergen, deltid som barne- og
omsorgsarbeidar. Der gifta han seg med Ragnhild. Etter ei stund
flytta dei til Stavanger der begge har studert teologi ved
Misjonshøgskulen. Kristian var ferdig der i fjor vår. Han har avtent
verneplikta i Forsvaret som feltprest i Bodø. Det er derifrå han og
familien no set kursen mot Vestlandet att.
Ei av hovudoppgåvene dine vert barne- og ungdomsarbeid. Kva
tankar har du om det?
Det vert nok uansett artig og spennande, samt lærerikt. Eg synes det
mest spennande med heile den nye satsinga på dåps- og trusopplæringa
i kyrkja, er det store engasjementet mange har. Eg ser fram til å
vera ein del av dei som alt har dette engasjementet om opplæringa.
Eit lite bibelvers til slutt:
Eg har veldig sansen for Jesu herlige svar til sine forskrekka
disiplar i Luk 18,27: «Han svarte: Det som er umulig for mennesker, er mulig for Gud.»
Tekst: Laila Eiren Broks
Foto: Privat
Søndag 15. august vert det
innsetjingsgudsteneste i Uskedalen kyrkje,
før allesom vil vera med og ynskjaKristian og familien velkomne
kan vera med til kyrkja på Valen på velkomstfest.