<<< Klikk på bilete
for å laste ned
brosjyren for
Bjørgvin!
Alle
ungdommar som er
fødde i 1996 fekk i vår tilsendt
heftet
"Konfirmant 2011" i posten.
Her informerer Den norske kyrkja
om kva det vil seia å bli konfirmert.
Denne personleg adresserte sendinga av informasjon til moglege
konfirmantar er ei landsdekkande satsing,
men kvart bispedøme har sin
eigen variant av heftet.
Heftet ”Konfirmant 2011” er blitt til i eit samarbeid mellom dei elleve
bispedømeråda, Kirkens Nødhjelp og Kyrkjerådet. Den fargerike 16-siders
trykksaken kjem i 11 ulike utgåver med lokal informasjon frå alle
bispedøma.
Det er i april og mai dei fleste konfirmasjonsgudstenestene vert haldne.
Nettopp på denne tida ynskjer Kyrkjerådet å nå alle dei som har eitt år
igjen til sin eigen konfirmasjon. Dei vonar heftet "Konfirmant 2010" vil
føra til mange samtalar mellom ungdom og deira føresette om neste års
konfirmasjonstid.
I Husnes og Holmedal sokn vil sokneprest Jan Ove Totland vera innom
8. klassane på ungdomsskulen
i første halvdel av juni og informera om konfirmasjonstida. Deretter
vert det innskriving i kyrkjene om kvelden onsdag 16. juni; Valen kyrkje
kl 17.00 for Valen og Holmedal, Husnes kyrkje kl 18.15 for konfirmantane
frå Sunde, Herøysundet og Husnes.