Oppdatert/endra
15.01.2010



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

NYTT
Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
Julefest på Husnes bedehus


GODT NYTT ÅR! Måndag 4. januar var det mange som hadde teke turen på Julefest på Husnes bedehus. Det var speidaren, søndagsskulen og SVUSH Barnegospel som inviterte til denne tradi-sjonelle festen. Britt Huse, som er leiar både i søndagsskulen og i SVUSH, leia oss trygt gjennom
eit allsidig program.

Born frå søndagsskulen hadde eit flott opptrinn der nokre hadde kledd seg ut som Josef og Maria og dei tre vise menn. Resten av borna kom hand i hand og heldt lys i hendene medan det vart spela ein flott song på CD om underet som skjedde i stallen i Betlehem.

SVUSH har i haust hatt eitt kor for dei frå 4 år t.o.m. 1. klasse og eitt kor for 2. kl og oppover. På festen song dei eit par songar ilag, og til slutt song dei eldste to songar for oss. Dei eldste hadde og eit flott dramastykke der dei stod i ring rundt Jesus-barnet i krybba.

Ein speidar sitt motto er “Vær beredt!” Og speidarane måtte og opp på podiet, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje hadde funne fram til noko dei ville delta med i programmet. Dei gjekk saman tre og tre, og fekk ulike utfordringar av Britt som dei gjennomførte med glans. Før dei gjekk og sette seg igjen fekk me høyra Speidarbøna.

Elisabeth Fauskanger som jobbar i søndagsskulekrinsen hadde andakten på julefesten. Ho fortalde m.a. om ein gut på 7 år som hadde svara at me feirer jul til minne om at Jesus vart fødd. Men kven Jesus var, ja, det hadde han ikkje pipling på… Elisabeth fortalde oss ein heil del om kven Jesus er, og ho poengterte at det er difor me har speidar, søndagsskule og SVUSH o.l. Stader der ein kan koma og bli bedre kjent med Jesus.

Etter ein flott programdel var det tid for mat, og festen vart avslutta med gang rundt juletreet. Heile 2 og ein halv ringar vart det rundt treet denne kvelden!

Tusen takk til alle for ein flott fest! Søndagsskulen tek til med sine samlingar søndag 17. januar, SVUSH har første øving mandag 25. januar. Speidaren sin oppstart var ikkje heilt klarlagt enno.
.

Les meir om søndagsskulen, speidaren og SVUSH her:
www.husnessondagsskule.origo.no
www.husnes-speidere.origo.no
www.svush.origo.no
Ta gjerne turen innom dei ulike samlingane!
 

 

 

Hit Counter