Oppdatert/endra
15.12.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

NYTT
Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
Det ukjende Russland

Steinar Harila vart vekt til innsats for nokre år sidan då han fekk vita at ein russisk barneheim måtte stenga pga pengemangel. I full fart skaffa han dei manglande pengane. Sidan oppretta han stiftinga Hjelp til Russland (HtR) og har utrøytande arbeidt for å ta seg av dei i landet som står lågast på samfunnsstigen: barneheimsbarn, fangar, narkomane og ubemidla. Han har konsentrert seg om områda rundt Vyborg og St. Petersburg.

I vår var vi nokre her frå prestegjeldet som følgde ei av hjelpesendingane hans. I alt var vi nesten 80 deltakarar fordelt på to bussar, ein for passasjerar og ein halvt om halvt for passasjerar og hjelpesending. Mesteparten var innsamla kle, men og leiker, ein rullestol og utstyr frå ein tannlege som hadde modernisert.

I Russland kom det inn fleire hundre plastnett med matvarer til utdeling blant ubemidla, sjokolade til barnehaimane, nytestament og mengder av undertøy og strømper til utdeling i fengsla. I landet er det nok av alt, for den som har pengar. Dei hadde Steinar skaffa til vege med hjelp av bøn til Gud og frimodets nådegåve i høve til små og store bidragsytarar. Like viktig var personlege kontaktar som opna dører som var stengt for andre.

I tillegg til gudstenester og møte var vi m.a. innom fleire barneheimar og fengsel. Som deltakarar hjelpte vi til å bera på plass plastnett med matvarer og kle. Største innsatsen gjorde vi i koret som stilte opp der vi kom. Når vi stemte i for fullt “Å glede stor” og “Da jeg mitt liv til Jesus gav” osv. ga det gjenlyd mellom veggene. (Tilhøyrarane fekk ark med russisk omsetjing). Steinar sjølv heldt korte og lett forståelege andaktar om Guds nåde og kjærleik. Med hjelp av den dyktige tolken, Svetlana, nådde orda tilhøyrarane. Ho sa sjølv noko som ga oss velmeinande nordmenn noko å tenkja på: “Det er aldri kjekt å vera den som tek imot utan å ha noko å gje attende”.

Bileta her viser eit lite utval av alt vi var med på.

Halvor Medhus                                                              
www.helprussia.no
 

  Frå barnesanatoriet i Vyborg. Vi ser overlege Tatiane, Steinar Harila, tolken Svetlana og ein utsending frå den lokale TV-stasjonen. - Steinar set ikkje sitt lys under ei skjeppe.

 

  Nokre av dei 60 pasientane ved barnesanatoriet. Dei var ikkje smitteberande, vart det sagt, men nokre går av ein eller annan grunn med munnbind.

 

  Eit par fangar frå barnefengselet i Kolpino. Dei limer biletdeler på treklossar som kan setjast saman til seks ulike bilete. Her var 104 gutar i alderen 14 - 18 år. Fem var mordarar, sju var dømt for valdtekt, 80 % hadde ingen foreldre som venta dei etter endt soning, mange kunne ikkje lesa eller skriva. Då Steinar kom med sitt vanlege spørsmål om her var nokon som ville følgja Jesus, var det mange som rette opp handa.

 

  Nokre av dei fleire hundre fangane i mannsfengselet i Vyborg. Mange av dei var unge, hadde AIDS og tuberkulose. Ingenting vart gjort for å hindra at dei friske ikkje skulle bli smitta. I tillegg til dusjanlegg og oppussing av ein sjukesal hadde HtR kjøpt inn ny bakaromn. Vi fekk smaksprøver av brødbaksten, det beste brødet vi fekk i landet.

 

  Nils Tore Mortensen frå Flekkefjord og Magnhild Alfarnes frå Utåker ber på plass plastnett med matvarer - eller er det undertøy og strømper?

 

  Ei ung mor og dotter hennar har nett fått sitt plastnett med matvarer.
Vi er i den lutherske kyrkja i Vyborg, ein viktig base i arbeidet til HtR.

 

   

 

 

Hit Counter