Oppdatert/endra
29.09.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Humor i kvardagen!
- Kom i hatt!

Floral Hat


Tung til sinns etter ein regnfull seinsommar? Tenkjer du på korleis koma gjennom den lange hausten ?
Eller syns du det er herleg når det mørknar om kveldane og du kan krypa saman i sofaen under eit godt pledd med ei god bok, eller invitera gode vener til eit godt måltid mat og ein god prat ?

Uansett. På torsdag inviterer Kyrkjelydens kvinneforum til ein kveld i Valen kyrkje der me ynskjer at humor skal stå sentralt. Me har invitert kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark frå Rosendal til å kåsera om ”Humor i kvardagen!” Slik me kjenner henne vil me få høyra litt å le over og litt til ettertanke.
Erfaringar frå andres og eige liv om korleis humor i kvardagen kan gje nytt perspektiv på tilværelsen.
Oddbjørg Heimark arbeidde som husmor på sjømannskyrkja i New Orleans før ho kom til Rosendal for 15 år sidan. Ho har arbeidd mykje med formidling.

Elles håper me at flest mogleg tek på seg hatt denne kvelden. Du veit den hatten du kjøpte for mange år sidan som du aldri har våga å bruka. Eller den utslitte solhatten du hentar fram til kvar sommar. Eller kva med ein av hattane du arva frå mor di. Me trur dette blir moro!

Me inviterer og på suppe og prat og avsluttar kvelden i kyrkjesalen med lystenning, song og bøn.
Velkomen kvinner i alle aldre og fasonger, med og utan hatt!!!

For kyrkjelydens kvinneforum
Liv Slettemark
 

 

 

Hit Counter