|
Deltakarane hadde i forkant meldt seg på éin
av tretti ulike aktivitetar som dei fekk instruksjon i over tre dagar.
Våre ungdommar hadde m.a. meldt seg på sandvolleyball, rollerblades,
basketball, akrobatikk, klatring og baseball. Det var mange svært nøgde
ansikt å sjå då dei kom tilbake frå aktivitetane!
Då var det til å hive inn på litt middag før
turen gjekk bort til Sommarland (badeland). Bø camping som me budde på
ligg berre ca 500 m frå det populære badelandet, og deltakarane hadde fri
inngang her tre dagar inkludert i den prisen dei betalte for leiren.
Inne på campingområdet
var det sett opp eit
digert sirkustelt/møtetelt der det var møte morgon og kveld. Deltakarane
gav svært gode tilbakemeldingar på møtene og. Her
var eige husband og forsongarar som leia oss gjennom flotte allsongar. Kvart møte
byrja
med bilete og video på storskjerm frå dagen som hadde vore. Elles vart
kvart møte krydra med diverse humorinnslag, og talarane som snakka om
ulike tema som har med kristendommen og det å vera eit menneske å gjera,
snakka på ein veldig forståelig og fengande måte.
Motto for årets Action var "Høyt og lavt", og me fekk m.a. høyra om at
Gud ynskjer å vera med oss både dei dagane me føler oss høgt der oppe,
og dei dagane me føler me er langt nede.
På KRIK og Nattcaféen si nettside
www.nattcafe.origo.no, kan du finne eit
fotoalbum som heiter "Action 2009". Der kan du sjå ein del bilete frå
veka vår i Bø!
Etterkvart vil det og
koma ut både bilete og video på KRIK sntralt si heimeside
www.krik.no.
JoF
|