Nattcaféen på Husnes bedehus om fredagskveldane har dei siste åra samla
bra med folk. Kvar fredag (så å seie) kan ein koma saman til
KRIK-samling i gymsalen, for deretter å ta turen opp på bedehuset for å
få med seg café, biljard, bordtennis, ein god prat, andakt og song.
Dei siste åra har Nattcaféenskipa til
eit rusfritt ungdoms-arrangement på bedehuset om kvelden 16. mai.
Tidlegare var det tradisjon at denne samling heldt til i kyrkja på
Valen.
Eit 50-tals ungdommar tok turen oppom bedehuset på Husnes denne kvelden
i år. Her kunne dei vera med på fleire ulike aktivitetar; Det var
pilkast på ballongar, spiker nedi på færrast mulig slag og kor mange
nonstop er det i glaset? Elles var det ein del som prøvde seg på
kubbaspelet som me laga ein bane til på P-plassen. Inne kunne ein spele
bilspel på storskjerm (Playstation med to Playseat) eller Nintendo WII.
Ute hadde me rigga til med eit “kiosk-telt” der ein kunne få kjøpa seg
grillmat, brus, sjokolade, is, snop m.m. I det flotte været var det
flott å sitte ute og ete og prate ilag.
Mot slutten av kvelden hadde me ei samling inne i møtesalen. Her song me
først saman All because of you. Deretter hadde
Camilla
Myklebust ein mini-konsert for oss. Ho skriv mange songar sjølv, og
det var avslappande og godt å sitte og høyre på ho. Innimellom songane
sa ho litt om tekstane og las litt frå Bibelen. Heilt til slutt var det
premieutdeling før me byrja å runde av det heile. Takk for ein flott
kveld til alle dåke som møtte opp! Og tusen takk til alle dåke som var
med og hjalp til slik at me kan ha denne “kvelden-før-dagen-samlinga”!