Det har etterkvart blitt ein flott tradisjon at det vert halde
fjellgudsteneste oppe ved Vardhaugselet
ein søndag i juni. Denne søndagen kunne sokneprest Jan Ove Totland
ynskje velkommen til den 8. gudstenesta oppe ved det vakre selet som
nokre eldsjeler tok til å restaurere våren 2002.
Vél tretti fjellvandrarar hadde lagt turen om gudstenesta denne
flotte sommardagen.
Her fekk dei m.a. høyra soknepresten tala om ein del av alle dei flotte
måtane Gud viser seg i skaparverket.
Etter gudstenesta var det kaker, kaffi og saft å få.