Oppdatert/endra
26.08.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 


Den store valdagen!         
  
>>> Kandidatlista for Husnes og Holmedal sokn

Mandag 14. september kan du røysta ved tre val i år - stortingsvalet, soknerådsvalet og bispedømerådsvalet.
Det er dei to siste vala det skal handla om her.

Demokratiprosessen i Den norska kyrkja inneber at kyrkjevalet i haust gjev deg som vel langt større påverknad
på kven som skal styra kyrkja i tida framover. Fleire spanande endringar gjev dei 3,8 millionar medlemene i
Den norska kyrkje større medråderett.

Dei største skilnadene er:
• Det er auka bruk av direkteval - veljarane skal kunne røysta direkte på kandidatar til bispedømeråd/Kyrkjemøtet (det øvste representative organet til kyrkja) - desse har til no vore valde av medlemene i sokneråda

• Du kan røysta samtidig med stortingsvalet - kyrkje-valet skal vere same dag og i nærleiken av dei offentlege vallokala

• Du har røysterett òg som 15-, 16-, eller 17-åring - heile sju årgangar er fyrstegongsveljarar i år.

• Kandidatane vert valde for to år - dette er eit forsøksval der dei valde sit i berre to år.
Nytt val er alt i 2011, same dag som kommune- og fylkestingsval.

Alle desse endringane er viktige steg på vegen fram mot målet om auka demokrati i kyrkja.
Dette igjen vil leggja grunnlaget for ei grunnlovsendring frå 2012 der paragrafane som regulerer tilhøvet mellom Konge, stat og kyrkje vert endra.

Dei siste åra har valoppslutnaden lege på 4,2 %. Både me i kyrkja og politikarane har tru på at langt fleire vil seia meininga si gjennom å leggja røystesetelen i valurnene i år, mellom anna på grunn av dei endringane me har nemnt her.

Omlag 3,1 millionar nordmenn vil ha rett til å røysta 13.-14. september. Alle som er døypte og dermed er medlemer i Den norska kyrkja, vil få valkort i posten - eit kort som gjev deg lokal informasjon om kvar du kan røysta og kven du kan røysta på. Dersom du mottek dette valkortet og ikkje er medlem i Den norske kyrkja, kan du returnera valkortet og be om at denne feilen i kyrkja sitt medlemsregister vert retta.

frå www.kyrkja.no

 

 
 

Soknerådsvalet for Husnes og Holmedal sokn 2009

Kandidatlista:   
    

   
Elisabeth Blokkum 5452 Sandvoll        f: 1960
Cort Holtermann 5453 Utåker  f: 1948
Laila Eiren Bjelland Broks 5460 Husnes     f: 1975
Randi Kjøsnes 5463 Herøysund f: 1968
Per Steinar Bjelland 5450 Sunde f: 1960
Ståle Schille 5452 Sandvoll f: 1956
Torstein Aarthun 5451 Valen f: 1975
Åsa Gjerde Røssland 5450 Sunde f: 1954
Kristi Melkeraaen Stråbø 5450 Sunde f: 1953
Leiv Håkon Kaldestad 5450 Sunde f: 1959
Åse Reidun Langeland 5452 Sandvoll f: 1962
Kjersti Løseth 5460 Husnes f: 1957
Randi Karin Sivertsen 5452 Sandvoll f: 1958
Marit Alfarnes Bergseth 5453 Utåker f: 1949
Karin Bjelland 5450 Sunde f: 1950
Tom Jonny Jensen 5452 Sandvoll f: 1960
Agnes Sætre 5451 Valen f: 1933

F
tysdag 11.8. vert det høve til å førehandsrøysta på kyrkjekontoret på Husnes.
Veke 33:
Tysdag og torsdag kl 10 - 14

Veke 34 - 37:
Tysdag, torsdag og fredag kl 10 - 14
 

Vallokala og røystetida:
Matre
 
Matre skule
 
Mandag 14. sept kl 14.00 - 18.00
 
Bringedalsbygda
 
Bringedalsbygda skule
 
Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
 
Husnes Kulturhuset Søndag 13. sept kl 12.00 - 16.00
       og Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
 
Sunde
 
Sunde skule
 
Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
 
Valen
 
Valen skule
 
Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
 
Skarveland
 
Skarveland skule
 
Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
 
Holmedal Utåker bygdahus Mandag 14. sept kl 11.00 - 19.00
     

>>> Desse sit i soknerådet no!

 

Hit Counter