Oppdatert/endra
11.06.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Friluftsgudstenester sommaren 2009
14. juni: Husnesparken  -  21. juni: Varhaugselet  -  12. juli: Gamle kyrkjestaden Holmedal (Utåker)


Søndag 14. juni kl 11.00 vert det friluftsgudsteneste i Husnesparken. Også dette året vert pinsemenigheten "Sion" med, og det vert kyrkjekaffi like etter gudstenesta. Dersom det vert dårleg vær vert samlinga i kyrkja.


Det er sommar og tid for friluftsgudstenester. Særleg på denne årstida er det flott å kunna samlast om Guds ord ute i Guds frie natur. Her i våre bygder har me ei rekkje slike samlingar som etterkvart har blitt ein tradisjon.

I mai, ofte på Kristi himmelfartsdag, samlast ein på den gamle kyrkjegarden på Kaldestad til Krossmesse.
Dersom det er stygt vær har gudstenesta vore inne på bedehuset. Slik vart det dette året. Husnes Mannskor og Husnes Blandakor var med og song, og sjølv om det hadde vore ekstra flott å vore utomhus, vart det ei flott samling for dei ca 80 frammøtte. Prostiprest Stein Ove Skadal leia samlinga.

Søndag 14. juni kl 11.00 vert det friluftsgudsteneste i Husnesparken. Dette er ei gudsteneste som plar samle ein god del folk. Også dette året vert pinsemenigheten "Sion" med, og det vert kyrkjekaffi like etter gudstenesta.
Dersom det vert dårleg vær vert samlinga i kyrkja.

Søndagen etter, altså den 21. juni, kan dei som ynskjer det ta turen til Varhaugselet og delta på fjellgudsteneste der. Ein tur til Varhaugselet er å anbefale for alle som har høve til det, og spesielt er du altså velkomen denne søndagen kl 13.00. Det var våren 2002 at ein dugnadsgjeng sette i gang med å restaurera selet. Bilete under er frå den første fjellgudstenesta me hadde der sommaren 2003. På Varhaugselet er det sokneprest Jan Ove Totland som vil leia gudstenesta.

På Utåker har det i mange år vore friluftsgudsteneste på den gamle kyrkjestaden i Holmedal ein søndag i juli.
Dette året vert gudstenesta søndag 12. juli kl 11.00, og det er prostiprest Stein Ove Skadal som tek seg av
samlinga her.

JoF

Varhaugselet 2003

 

Gamle kyrkjestaden i Holmedal juli 2007

 

Hit Counter