Oppdatert/endra
12.05.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Konfirmanthefte til alle som er fødde i 1995


konfirmant2010_373.jpg

Alle ungdommar som er fødde i 1995 fekk for nokre veker sidan tilsendt heftet "Konfirmant 2010" i posten. Her informerer Den norske kyrkja om kva det vil seia å bli konfirmert.


Denne personleg adresserte sendinga av informasjon til moglege konfirmantar er ei landsdekkande satsing,
men kvart bispedøme har sin eigen variant av heftet.

Heftet ”Konfirmant 2010” er blitt til i eit samarbeid mellom dei elleve bispedømeråda, Kirkens Nødhjelp og Kyrkjerådet. Den fargerike 16-siders trykksaken kjem i 11 ulike utgåver med lokal informasjon frå alle bispedøma.

Det er i april og mai dei fleste konfirmasjonsgudstenestene vert haldne. Nettopp på denne tida ynskjer Kyrkjerådet å nå alle dei som har eitt år igjen til sin eigen konfirmasjon. Dei vonar heftet "Konfirmant 2010" vil føra til mange samtalar mellom ungdom og deira føresette om neste års konfirmasjonstid.

Dei siste åra har
over 42.000 ungdomar konfirmert seg i Den norske kyrkja. I Bjørgvin har det vore vél 6000 konfirmantar dei siste åra. Dette er i underkant av 80 % av alle 15-åringar i bispedømet.
På landsbasis vert omlag 1400 ungdomar som ikkje er døypte frå før, døypte i løpet av konfirmanttida.

I Husnes og Holmedal sokn vil sokneprest Jan Ove Totland vera innom 8. klassane på ungdomsskulen
i første halvdel av juni og informera om konfirmasjonstida. Deretter vert det innskriving i kyrkjene om kvelden tirsdag 17. juni.


Brosjyren for Bjørgvin laster du ned her.

 

JoF
 

 

 

   

 

Hit Counter