Søndag 26. april var det søndagssamling på Husnes bedehus. Denne gongen
kombinerte me søndagssamlinga med våravslutning for både SVUSH og
søndagsskulen på Husnes.
Her kan du lesa kva ein av leiarane i SVUSH og søndagsskulen, Britt
Huse, skriv på heimesida til
Husnes
søndagsskule:
Så er vårsesongen over. Me hadde ei kjempe fin
avsluttning søndag 26. april. Det kom ca 60 stk som var med oss. Først
var me inne der me song masse ilag, og Vimselur kom å hadde ein lek med
oss. Så kom professor JANNOF å fortalte oss om UTROLIG GIVERGLEDE. Han
begynte med å fortelja om tyngdekraften, og då kom spørsmålet om kven
som treffe bakken først av eit egg og ein kylling. Kva trur du?
Så blei det fortalt (dramatisert) historia om den fattige enka som ga
alt ho eigde til tempelet. Mark 12, 41-44. Ho var så takknemlig for alt
ho hadde fått av Gud, så ho ville få gi tilbake igjen til Guds hus.. Ho
gav med eit takknemligt hjerta. Me lærte at Gud elsker ein glad giver:)
Så var det endeligt tid for å gå ut å få grilla seg ei pølsa. Me hadde
bed om fint ver og det fekk me. Gud er god:)
Då me hadde fått i oss litt mat var det tid for 50-sporløp. Her var det
kappløp om å komma seg først til 50. Og både store og små var ivrige i å
klara oppgava.
Me vil få takka alle som kom å var med oss, og håpe me ser dåken alle
igjen til hausten:)
Her ser du siste bilete frå nokre av
undersidene til Husnes bedehus: