I vekene før påske
har me dei siste åra invitert dei to eldste årskulla i barnehagane til
kyrkja for å delta på påskevandring. Dei fleste barnehagane takkar ja
til invitasjonen, medan ein nokre stader har påskesamling i barnehagen
med besøk frå kyrkjekontoret. Først ut på påskevandring i år var Valen
barnehage og Handeland friluftsbarnehage.
Born og vaksne møter i hovudinngangen til kyrkja. Me ynskjer
velkommen og pratar litt om at dei fleste av borna like før jul var med
på julevandring i kyrkja. Me er innom ein post der me ser krybba med
Jesus-babyen, skrina til dei tre vise menn m.m. Men i dag handlar det om
at Jesus ikkje var baby heile livet sitt, han voks
og vart ein vaksen mann.
Vidare på påskevandringa får me høyra om to menn i Bibelen som fekk møta
Jesus som vaksen; Sakkeus og den lamme mannen i Kapernaum. Begge fekk
oppleva at livet vart totalt forandra i møte med Jesus.
Så er det den siste påskeveka til Jesus det handlar om. Borna stiller
seg i to rekker og veiftar med “palmegreiner”. Me later som om Jesus
kjem ridande inn på eit esel. Turen går innom påskemåltidet og det at
Jesus vaska læresveinane sine føter. Han tok på seg den oppgåva som
tenarane egentleg hadde. Borna sit rundt eit lågt
bord med fin, kvit duk. Prostiprest Stein Ove Skadal går rundt og
"vaskar" dei "skitne" føtene deira. Dei fleste borna synes dette er
ganske morsomt, og latteren og fnisinga sprer seg. Etterpå deler presten
ut brød til borna. Aldri før har det gått så unna på eit tørt
kneip-brød... På denne måten får me kjenne litt på bordfellesskapet, og
det at det er ganske koseleg å sitte saman og ete og prate.
Me går vidare bort til eit lite bord med eit tent lys. Her får me høyra
opplest frå Bibelen om at Jesus møtte dø. Lyset blir blåst ut og
organisten byrjar å spele trist musikk. Plutseleg skiftar musikken
karaktér; Musikken blir
gladare og lettare.
På denne måten får me fram at det slutta ikkje så trist med Jesus.
Bibelen fortel at tredje dagen stod han opp frå dei døde og at han lever
idag! Me samlar oss rundt altarringen, tar bort eit svart teppe og
pyntar altaret til gledesfest!
Det er utruleg å få vera med på desse ulike vandringane me får ha
med barnehage-borna! Dei er så nysgjerrige og engasjerte. Dei føl så
godt med på det som vert fortalt.
Me har lyst å seie takk for besøket til alle dåke me har fått vore på
vandring med! Håpar me også neste år kan få til både jule- og
påskevandringar!
JoF
Forteljinga om Sakkeus på flanellograf.
Palmesøndag
Me later som at det er ekte vatn. Det er tid for fotvask!