ACTION er ei veke i total livsutfalding i Bø i Telemark;
Sommarland,
idrett, Bibel og 1 000 andre ungdomar gjer dette til sommarens høgdepunkt
for 22. år på rad...
ACTION går i år av stabelen 22.-26. juni, under mottoet
"Høyt og lavt". I
informasjonen frå KRIK heiter det m.a.:
"Vi ønsker å
formidle ærlig at livet har oppturer og
nedturer. Selv som kristen…
Og et liv med Gud handler om at Gud er med!
På oppturene så vel som nedturene."
På Action skal ungdomar i alderen 14-17 år herje frå seg
med Jesus som midtpunkt kvar dag i ei lita veke.
Konseptet er at deltakarane på førehand vel seg ein av
30
idrettar dei ynskjer å få instruksjon i, og denne held dei på med
på dagtid, frå ca kl 10.00-14.00. Før dette er det morgonmøte, og
etterpå er det middag og kveldsmøte. Ellers er det opp til dagens
kreative ungdom å nytte tida i Sommarland, på KRIK-torget og rundt om
på festivalområdet best mogeleg. Me bur på
Bø
camping, kun 500 meter frå Sommarland.
KRIK har fått med seg eit flott talarteam til
morgon- og kveldsmøter:
Anne Mari Vadset, Jack Garret, Randi Sætre,
Christoffer Ellingsrud og Kjell Markset.
Action kan også i år skilte med eit vidt spekter av idrettar
og aktivitetar å velge
mellom, frå akrobatikk til amerikansk fotball, og frå 59 grader Bø til
breakdance. KRIK er kjent for å stille med svært gode
instruktørar, og ein får instruksjon alt etter kva nivå ein føler at ein
er på.
I fjor starta KRIK med noko nytt. Dei har delt Action opp i to;
KonfACTION og ACTION.
KonfACTION er for dei som reiser på Action som ein del av
konfirmant-opplegget sitt.
Desse samlast dagane før det tradisjonelle Action tek til.
Påmelding og
informasjon finn du på
http://www.krik.no
Dei siste åra har ACTION
blitt stappfullt veldig tidleg.
Så dersom du har tenkt deg å bli med - ver rask!
Du kan og ta kontakt med Jan-Ove
Fagerheim (913 45 0 42) dersom det skulle vera
noko du lurer på.
All påmelding foregår på krik sine nettsider, men me kjem til å legge
opp til fellestransport frå Kvinnherad.
Her kan du lesa korleis ungdomar frå KRIK Husnes
har opplevd
denne action-fylte veka tidlegare!
2003 -
2006 -
2007
- 2008
|