Fem veker no i vår var me så heldige å ha teologi-studenten Kristian
Kopperud (25) i praksis i Husnes og Holmedal.
Kristian budde dei 10 første åra av livet sitt på Bømlo, før familien
flytta til Sotra. Dei 5 første åra av studiet har Kristian gått på NLA i
Bergen, medan han no siste året har vore å finna på Misjonshøgskulen i
Stavanger.
- Far min er prest, så eg vart tidleg oppfostra med kyrkja. Eg
vart tidleg teken med både på gudsteneste og søndags-skule, og vart rett
som det var kalla for “mini-presten”. Det er berre gode minner eg sit
igjen med frå denne tida. Eg har hatt mange kristne venner rundt meg -
og det har sjølvsagt betydd svært mykje.
Kristian har vore mykje aktiv i KRIK opp gjennom åra. På ungdomsskulen
vart han utfordra på å få leiaransvar og fekk prøve å leie nokre
treningar m.m. - Eg har fått mykje leiartrening gjennom KRIK og er veldig takknemleg
for det. Det er verdifulle erfaringar og læring eg har fått med meg,
både når det gjeld å leie aktivitetar og det med å ha andakt for
jamnaldringar.
I løpet av vekene i praksis har Kristian m.a. fått vore innom ein del av
det ungdomsarbeidet me har her hos oss. - Når eg snakkar med dei som eg studerer saman med, og høyrer korleis
dei har hatt det ute i praksis, ser eg at eg har nok hatt ein meir
allsidig praksis enn dei fleste. Eg har fått vore innom både barnelag,
andakt på sjukeheimen, høgmesse med dåp og nattverd, Tomasmesse,
gravferder og både Ope Hus og Nattcaféen.
Kristian legg ikkje skjul på at den allsidige praksisen og det at det
stort sett heile tida var noko å henge fingrane i, gjorde at han hadde
nokreflotte praksis-veker.
- Det var flottå møte alle dei
ulike personanerundt i bygdene.Veldig kjekt å blikjent med ungdommane både på Ope hus og Nattcaféen. Kanskje eg
møter nokon av dei på Action til sommaren? Elles har folk vore snille,
og fleire har invitert meg heim til seg. Det har vore veldig kjekt.
Elles syntes eg det var ein fantastisk stab å komme inn i.
Kristian seier til slutt at vekene i praksis berre har gjort han meir
lysten på å gå inn i ei presteteneste.
Utan at han veit noko konkret om kvar han hamnar til hausten.
Me har lyst å takke Kristian for dei vekene han var her, og ønske han
lykke til med åra som kjem!
Du kjem til å bli ein god prest!