Oppdatert/endra
02.04.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Avskjedsgudsteneste
for Torstein Aarthun

Under avskjedsgudstenesta var Husnes blandakor med og song


Som mange kjenner til, har Torstein Aarthun slutta som kapellan i Husnes og Holmedal sokn.
Søndag 22. februar var det avskjedsgudsteneste i Valen kyrkje.


Sidan februar i fjor har Torstein hatt permisjon frå stillinga som kapellan, og har jobba som HR-rådgjevar i kommunen.Torstein vert framleis buande på Valen saman med kona Hildegunn og dei to borna deira,
Bendik og Anton.

Under avskjedsgudstenesta deltok prost Svein Arne Theodorsen og Sokneprest Jan Ove Totland, medan det var Torstein som heldt preika. Preiketeksten var frå 1. Kor 13 der det står mykje flott om kjærleiken, og først og fremst om korleis Guds kjærleik er. Torstein sa at gjennom åra som prest hadde han fått sjå mange sider ved denne kjærleiken, både når den spegla seg i eit foreldrepar som skulle døypa barnet sitt, eller det var to som hadde bestemt seg for å gifte seg. Den same kjærleiken er det som er til stades når det er gravferd,
og nokon må seie farvel til nokon dei hadde så kjær.

I gudstenesta fekk dei frammøtte óg høyra flott song av Husnes blandakor. Jan Ove Totland gav uttrykk for at det var flott å ha dei med i kyrkja, og han rosa dei for at dei så trufast stiller opp “...både når prestar kjem og når dei sluttar.”

Etter gudstenesta inviterte soknerådet til kyrkjekaffi der dei som ville kunne vera med og ta avskjed med Torstein. Sokneråds-leiar Jan Hellås hadde ei stødig hand om denne samlinga.
JoF
 

Organist Marit Lindekleiv, klokkar Toril Langeland, kapellan Torstein Aarthun, prost Svein Arne Theodorsen og sokneprest Jan Ove Totland
deltok under gudstenesta.
Under kyrkjekaffien like etter gudstenesta var det mogleg å komme med helsingar til Torstein. Kyrkjeverje Arne Lindekleiv var ein av dei som ville overrekke ei gåve som takk for innsatsen i kyrkjelyden.
Gåva frå soknerådet vart overrekt av
nestleiar Alf Jarle Langeland.
Prost Svein Arne Theodorsen bar fram helsing
og hadde med ei gåve.
Kontorseketær ved kyrkjekontoret, Toril Langeland, hadde helsing og gåve med frå staben. Innpakninga kunne tyde på at det var eit måleri,
men det skulle visa seg å vera litt lureri.
Inni ramma var det festa ein flott kniv.
Torstein fekk ei Ope Hus-T-skjorte som takk frå ungdomsarbeidet, her representert ved Michelle Myklebust, Ove Tvedt og Marit Langeland. Ståle Mehl bar fram ei blomehelsing
og mange gode ord.

 

 

Hit Counter