Oppdatert/endra
01.04.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 
          >>>>>>>    Bilete frå Skiweekend
Skiweekend på Helgatun!
 

6.-8. februar var det Skiweekend på Helgatun!


Dei siste åra er det mange ungdommar frå bygdene våre som har delteke på Indremisjonssamskipnaden sin Skiweekend på Helgatun. I år var det ca 30 kvinnheringar med på leiren! Elles var det ungdommar frå Stord, Bømlo, Kvam og Voss som var med.

Me hadde eigen buss frå Husnes og kom fram til Helgatun i 8-tida fredag kveld. Etter kvelds og romfordeling var det klart for bli-kjent-samling med både underhaldning, song og andakt.

Laurdagen starta med overskya vær og litt snø i lufta. Etter ein tidleg frokost hadde Anja U. Heggen bibel-samling for oss. Temaet ”Kristendommen - kjedeleg, usann og irrelevant?” la ho fram på ein glimrande måte. Ho fekk formidla mykje flott om Han som seier Han er Vegen, Sanninga og Livet.

Ute i ski-bakken var det stor aktivitet, og då det utpå ettermiddagen skein opp og skyene forvann meir og meir, vart det glimrande forhold i bakken. Til tross for nokre småskadar er det flott å oppleva ungdommar som kjem strålande og sprudlande tilbake etter å ha utfolda seg i ski-bakken.
Då me hadde ete middag laurdag kveld var det mange som ville ut i snøen og herje igjen. Vidare utover kvelden vart det leirfest med leik og moro, song, andakt og delestund.

Søndagen vakna me til knall blå himmel og 12 kuldegrader. Etter frokost og ei flott bibelsamling fekk me vél 3 timar i bakken før det var klart for rydding, middag og heimreis. Nok ein gong kunne glade og fornøgde ungdommar reisa heim etter ei flott helg oppe i vinter-eventyret!

JoF
 

Les meir om Skiweekend på Indremisjonssamskipnaden si eiga heimeside!

 

Hit Counter