Takk for innsatsen!
Kirkens Nødhjelp, Fasteaksjonen
Tysdag deltok konfirmantane i Husnes og Holmedal sokn i Kirkens Nødhjelp
sin landsomfattande innsamlingsaksjon. Dette er ein fast del av
konfirmantopplegget i vårt sokn.
Resultatet i år vart kr. 36.844 ( i fjor 35.749).
Eg vil rette ei stor takk til alle som har støtta fasteaksjonen, både
konfirmantar og andre bøssebærarar, gjevarar og dei som har organisert
aksjonen rundt om i bygdene. Ei spesiell takk også til
Sparebank1 Kvinnherad på Husnes som stiller
med folk som tek imot bøssene, tel opp og sender pengane vidare til
Kirkens Nødhjelp.
Vi hadde ikkje nok mannskap til å nå til alle husstandar. Så dersom du
ikkje fekk besøk og ynskjer å støtte Kirkens Nødhjelp, kan du sende ditt
bidrag til bankkonto nr. 1594 22 87493.
Fordelt på bygdelag vart resultatet slik (tala for 2008 i parentes):