9.-11. januar var det
Konfirmantweekend på Brandøy!
Også dette året reiste konfirmantane i Husnes
prestegjeld til Brandøy på konfir-mantweekend. Fredag 9. januar møtte
ein spent gjeng opp på Husnes, der turen skulle gå vidare med buss under
fjorden og over Halsnøy, og deretter med ferje frå Sydnes til Utbjoa.
Til våren er det 71 ungdommar som skal konfirmera seg i Husnes og
Holmedal sokn. Av desse var 62 stykker med på turen til Brandøy. Med seg
på turen hadde dei 13 leiarar som gjorde det dei kunne for atte skulle
verta ei flott helg.
Og etter tilbakemeldingane både i løpet av leiren og i etterkant kan det
tyde på at det vart ei strålande helg.
Det er veldig samansveisande å reisa på ein slik tur. Me som er saman
med konfirmantane gjennom heile året får bli kjend med dei på ein heilt
ny måte. Det er ikkje mogleg å pleie den sosiale biten på same måten i
ei vanleg undervisnings-økt eller gudstenester.
I tillegg til undervisning, gudsteneste og kveldssamlingar med ord for
natta var det mykje artig å finne på. I den flotte aktivitetshallen ein
har fått seg på Brandøy hadde me innebandy-turnering, i peisestova rigga
me opp både Nintendo WII og Playstation 2 med bilseter, ratt og pedalar
så dei kunne spele bilspel to og to mot kvarandre på storskjerm. Det er
flott å sjå korleis ein aktivitet som egentleg har ord på seg for å vera
nokså usosial, skaper eit sosialt miljø inne i peisestova. Folk samla
seg og såg på. Andre sat og prata eller spelte andre spel.
Me har lyst å seie takk for turen, og lykke til med resten av tida fram
mot konfirmasjonen!