I tillegg
til andre vandrande kvinner vil du møta Sidsel Birkeland Skaar
om du tek turen til Valen kyrkje denne kvelden
Pilegrimsvandring – ei vandring
mot lykke?
Torsdag 2. april kl. 1930 er det duka for Kvinneforum i Valen kyrkje.
Dette blir vårens einaste Kvinneforum.
Så ta beina fatt og og start ei kvinnevandring mot Valen kyrkje på
torsdag. I tillegg til andre vandrande kvinner vil du møta Sidsel
Birkeland Skaar. Ho er no seniorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Vest-Agder.
Mange kjenner henne og frå tida ho arbeidde som sjukepleiar på Valen
sjukehus og helsesøster her i kommunen. Me ser fram til å høyra henne
snakka over tema: Pilegrimsvandring – ei vandring mot lykke ?
Kva er det som gjer at stadig fleire mennesker frå heile verda kvart år
søkjer til pilegrimsvegen mellom Le Puy i Frankrike og Santiago de
Compostela i Spanias høgland?
Pilgrimsvegen er 150 mil lang og har ein mangslungen historie bak seg.
Vegen til Santiago har fått status som Europas fyrste kulturveg.
Den representerer ei hovedpulsåre i europisk kulturhistorie.
Kor kan ein vel læra denne arven betre å kjenna enn å gå på vegen
gjennom Frankrike og Spania?
Å vera pilegrim er å bryta opp frå kvardagen. Vandringa i seg sjølv er
ein slags retreat der ein kan sleppa fri frå kvardagen sine krav og
plikter. Og gjer det mogeleg å søkja noko utanom seg sjølv.
Du får vandra på ein veg som tek imot deg. Denne vandringa gjer noko med
den som har gått der og slepp aldri taket. Mange, som Sidsel Birkeland
Skaar, vender tilbake til ei ny vandring.
Ho vil gje oss glimt frå si eiga vandring på torsdag.
Som seg hør og bør når det er Kvinneforum vert det gode heimalaga
salatar
og tid for ein prat før me avsluttar i kyrkjeskipet.