|
Hei alle saman! Her kjem eit lite livsteikn frå
meg!
No har eg vore i Addis Abeba litt over ei veke, me kom forrige tirsdag.
Reisa gjekk veldig bra og det var godt å bli
møtt av misjonærar
på flyplassen i
Addis. Eg kan betrygge deg med at eg ikkje er vorte solbrent. Det har
heller vore kaldt. Det er nemleg regntid her
i Addis no. Det regnar mykje, tordnar og lynar. Heldigvis er det gode
opphald mellom bygene med deilig solskinn. Dagane her har gått
med til å ordne mykje forskjellig. Innkjøp
er gjort, eg har vore i banken, snakka med sjefen, blitt kjend, fiksa førarkort
(no har eg faktisk etiopisk førarkort).
Familien eg skal være hos, familien Berget,
og alle har vore veldig hjelpsomme med alt dette, heldigvis. Ting tek si
tid og alt fungerar ikkje som i Norge.
I morgon dreg eg til Ginnir, der eg skal bu. Reisa vert lang, me skal køyre
til Dodola imorgon, overnatte der og køyre
vidare til Ginnir neste dag. Halve vegen har veldig bra veg (til Awasa)
-asfalt-. Resten av vegen er, etter som eg har forstått
humpete, støvete og fin. Skikkeleg Afrika. Sjølv
om Ginnir er ein by, ligg det ut i bushen. Men heldigvis kan eg seie at
Ginnir er ein trygg plass. Det er i eit muslimsk område,
men det vert ikkje sett på som farleg
å bu der i det heile. Så
de treng ikkje vere redde for meg. Eg skal bu inne på
ei misjonærtomt i hus med ei finsk dame, lærar.
(me har sauna i uthuset) I tillegg bur familien Berget og ein finsk
familie på tomta. Eg har sett på
bilete, det er nydeleg utsikt, skikkeleg fjell-landskap,
om lag 1900 m.o.h. Eg må venne meg til utedo
og kakkelakkar, ustabil straum og heller dårleg
internett (men det verkar innimellom, så eg håpar
eg kan få sendt litt mail og oppdatere
bloggen min
www.ingvildietiopia.wordpress.com
derifrå og).
Samstundes kjem eg til å oppleve så
utruleg mykje meir, møte spanande folk, sjå
og oppleve nye ting. Det er mellom anna snakk om volleyball med ansatte
på sjukehuset… Det høyres
kjekt ut…
Arbeidsoppgåva mi kjem til
å bestå i
barnepass. Frå ca halv ni til fem, man-fre,
skal eg og Junia Mathea, 4 år, ha det kjekt i
saman. Eg gler meg til å verte betre kjend
med ho. Håpar eg kan vere til god hjelp slik
at foreldrene kan få gjort ein god jobb på
sjukehuset i Ginnir. Det er ein veldig kjekk familie, så
eg trur dette vert bra. Det kan og hende eg skal vere ca ein dag i veka
på ein barneheim i byen. Kjekt
å kunne hjelpe lokalbefolkningen på
ein veldig konkret måte.
Det er mange utfordringar eg har i vente, det veit eg. Språket
er ein av dei (i dag har eg prøvd aa lære
meg litt oromo, men det er sanneleg ikkje lett). Eg både
gler meg og gruar meg til å kome igong.
Tanken på å skulle
være her eit år er
både skummel og spanande. Skummel fordi det
er mykje ukjent, eg er lang vekke frå kjente
og kjære heime og eg kjenner meg ganske
hjelpelaus. Spanande fordi eg kjem til å lære
utruleg mykje, kjem til å oppleve utruleg
mykje. Det kjennes rett å vere her, sjølv
om eg saknar dei heime. Aller helst skulle
alle vore her og opplevd alt saman med meg.
No får eg vel avslutte. Det er forferdeleg
mykje meir som skulle vore skrive, men det får
vente til ein annan gong. Det er ikkje alt som er like lett
å fange i orda heller, det må
liksom opplevast. Takk for omtanke og forbøn.
Det er godt å tenkje på
at nokon hugsar på meg.
Eg hugsar på dåke.
Etiopiahelsing frå Ingvild.
|