Oppdatert/endra
24.09.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

Vikarteneste i haust

Kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim, Prostiprest Pål Dale og preste-vikar Øyvind Heggland.
 

Sidan vi ikkje har fått ein fast vikar medan kapellan Torstein Aarthun har permisjon, er det fleire som vil ha vikarteneste i Husnes og Holmedal sokn denne hausten.

Gravferder vil for ein stor del bli foretta av prostiprest Pål Dale. Han bur no på Halsnøy og var fram til i sommar sokneprest i Odda.

Dei søndagane soknepresten har fri, er det preste-vikar Øyvind Heggland som har gudsteneste. Han var tidlegare diakon på Stord, og er no kyrkjeverje på Stord. Øyvind Heggland har godkjent presteutdanning, men er ikkje ordinert prest enno. Til tenesta i Husnes og Holmedal sokn har biskopen gjeve han fullmakt til å forette gudsteneste med dåp og nattverd.

I konfirmantarbeidet er det kyrkjelydssekretær Jan-Ove Fagerheim som deltek. Han har ansvaret for konfirmantundervisninga for Sunde, Valen og Holmedal.

Vi er takksame for den tenesta kvar einskild gjer, og ynskjer Guds signing i tenesta.

Jan Ove Totland
sokneprest
 

 

 

Hit Counter