Oppdatert/endra
08.09.2008



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 


Grøn rettferd!?

Agnes Vevle Tvinnereim snakkar om "Grøn rettferd" på Kvinneforum.


Dei fleste tenkjer at denne sommaren har me hatt godt og lagleg vær. No lakkar og lir mot haust. Me damene som styrer med Kvinneforum gler oss over å invitera til nytt Kvinneforum i Valen kyrkje på torsdag 11. september.
Denne kvelden skal me ta for oss eit svært utfordrande og viktig tema. Me har sett overskrift ”Grøn Rettferd.”

Agnes Vevle Tvinnereim, prosjektleder for trosopplæringsprosjektet ved Bjørgvin bispedømmekontor kjem til oss. Ho har tidlegare arbeidd i mange år som lærar.

I mail til underteikna skriv ho m.a. :
Helt siden jeg i studietiden leste Asle Finseths bok ”Men gleden er et annet sted” har jeg vært glødende opptatt av sammenhengen mellom skjevfordelingen i verden og vårt moderne forbrukersamfunn. For meg personlig er det en klar sammenheng mellom et liv som samfunnsbevisst kristen, og et ansvar som miljøverner og forkjemper for et enklere liv der alle kan dele godene mer rettferdig. Hvis alle levde som oss nordmenn ville vi trenge 3,2 jordkloder. Hvilke utfordringer gir dette oss, i et globalt medmenneskelig perspektiv og et miljøperspektiv?

Dei gongene me dveler ved emner som overforbruk, urettferdig fordeling og jorda si tåleevne, tenkjer mange av oss at me som enkeltpersonar ikkje kan utgjere ein forskjell. Me utgjer allerede ein forskjell! Spørsmålet er kva for forskjell. Kva side vil vi stå på? Kva for ei verd ynskjer me oss?
Agnes Tvinnreim vil ta oss med vidare inn i desse spørsmåla. Me vonar og at ho kan visa oss nye handingsmønstre og vekkja oss til handling.

Etter foredraget vert det salat og prat, og til slutt avslutning i kyrkjesalen med lystenning, song og dikt.

Så kvinner i alle aldre og fasonger: Hiv dykk rundt og velkomne!

For kyrkjelydens kvinneforum
Liv Slettemark

PS. Du som har sykkel kan godt sykla til kyrkje denne kvelden
         (det gjev deg frisk luft og raude kjaker og sparar miljøet !)

 

Hit Counter