Oppdatert/endra
03.07.2009



Ei side som
omhandlar bryllup!

Trykk her
.
------------------------------------

Kyrkjelydsblad
på nettet:


----------------------------
 



















-----------------------------------
Er det noko du saknar
på sidene våre?
Er det noko me
burde gjort annleis?
Eller er det noko du synes er bra?

Send ein mail til

Jan-Ove Fagerheim.

Fleire artiklar...
Til Husnes prestegjeld
Startside    
 

ACTION 2008

Frå Kvinnherad reiste 25 ungdommar og to leiarar på Action siste veka i juni.
 


 

Siste veka i juni var
25 ungdommar og 2 leiarar
frå Kvinnherad på KRIK sin sommarfestival Action.
KRIK, som står for Kristen Idrettskontakt, blei stifta i 1981
og har over 300 lokallag
rundt i Noreg, blant anna
på Husnes. Her kan du lesa
om korleis Aleksander Espevik (bilete) opplevde denne action-fylte veka.
 

I KRIK sine lokal-lag samlast ein ofte i ein gymsal ein gong i veka, og spelar f.eks innebandy eller fotball.
KRIK arrangerer mange leirer, som Action, Arena og Explore, som er dei store leirane.

I år var eg deltakar på Action, som foregår i Bø i Telemark. Det var eg i fjor og, og då var det så kjekt at eg ville reise i år igjen.

Action er ein opplevelse for seg sjølv. Her sov me i telt på ein stor campingplass berre 500 m frå Badeland.
Me hadde eit morgenmøte der forskjellige folk fortalde om Jesus og ting i kristendommen, ofte på ein kjekk måte som får ungdommane til å følge med. Så gjekk kvar og ein på sine aktivitetar som ein fekk instruksjon i over tre dagar. Det er mange aktivitetar å velge mellom; T.d. fotball, håndball, dans, rollerblades, skateboard, vannsport og mykje meir. Her har du instruktørar som viser korleis ein skal gjere det, og det er lærerike dagar.
Når aktivitetane er ferdige er det middag, før ein går i badeland saman med nye og gamle vener.

På denne leiren får du mykje på kjøpet. Ein møter utruleg mange nye folk (det var over 700 deltakarar), og mange får nye vener som dei gjerne møter på ein anna leir, eller møtes neste år på Action. Ledarane som er her gjer ein utruleg jobb, og dei er heilt frivillege. Dei fleste nyttar av feriedagane sine for å vera ledar på leiren.

Eirik Fykse var og ein av dei som var på Action. Han synes det beste med Action er alle dei kjekke ungdommane og ledarane. Han syntes og det var kjempeflott at lederane gjorde det dei kunne for at me skulle ha ein fin leir, sjølv om dei ikkje fekk noko for å vera der. Han meiner og at ”ekte glede”, som var temaet for leiren i år, var det fullt av. Og det er eg enig i, det var en leir med ekte glede, og eg trur denne leiren alltid vil ha ekte glede.

Ta gjerne turen på KRIK Husnes sine samlingar i gymsalen på Undarheim skule når dei tek til igjen
den 5. september kl 18.30 til 20.00. Etterpå inviterer Husnes IUF til Nattcafé på Husnes bedehus.


http://film.krik.no/filmene.php kan du sjå filmar frå Action.
 

Her kan du sjå eit foto-galleri frå turen!
Det finnes 50 bilete i galleriet! Bla deg framover med piltastane! Eller trykk her for å sjå alle bileta i miniatyr!
 

.

Vannkrig på Action

 

Hit Counter